Annonse
Samferdselsminister Jon Georg Dale svarer på dette innlegget i Nordnorsk debatt.

Myteknusar på ville vegar: Staten skor seg ikkje på bilistane

Rikard Solheim meiner i eit lesarinnlegg at norske bilistar betalar inn meir i avgifter enn det staten brukar på vegbygging. Han skuldar mellom anna Samferdselsdepartementet for å fabrikkere mytar om at det motsette er tilfelle.

Eg er glad for å kunne slå tilbake: Historia han fortel stemmer ikkje – med denne regjeringa er det ikkje slik at staten tener pengar på norske bilistar. Med denne regjeringa får bilistane meir veg tilbake enn dei betalar i bompengar og bilavgifter.

I 2018 brukte vi om lag 13 milliardar kroner meir på vegbygging enn bilistane betalte i avgifter og bompengar.

Samanlikna med 2013, er inntektene staten no får frå bilistane 13 milliardar kroner mindre. Det skjer samstundes som vi har auka vegløyvingane med 20 milliardar kroner.

Dei siste fem åra har vi også lagt ned bomstasjonar, redusert takstar utanfor byområda og auka den statlege delen av vegkrona. Med Granavolden-plattformen kan vi styrke innsatsen mot bompengar ytterlegare.

Solheim og eg er nok einige i hovudsaka: Norske bilistar skal ikkje vere mjølkekyr. Kor eg står når det gjeld bompengar er godt kjent: FrP meiner at staten skal ta heile rekninga for vegar i landet vårt, men i Stortinget er det ikkje fleirtal for dette. Regjeringa prioriterer veg og samferdsle svært høgt. Dei statlege løyvingane har aldri vore større, og bompengar utgjer ein mindre del av vegfinansieringa enn før.

Samferdselsbudsjettet auka med nær 75 prosent under denne regjeringa. Endå viktigare: Vi får no meir veg og transport for pengane. Vi er ikkje i mål med alt vi vil, men vi treng ikkje fabrikkere myter. Under denne regjeringa er bilen ikkje lenger ei mjølkeku.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse