Det er nødvendig å tenke taxi-nytt

Når det blir meir konkurranse kan vi få eit betre drosjetilbod med eit meir differensiert tilbod og meir differensierte prisar. Studiar frå andre land viser at kundane vert meir fornøgde med tilbodet. Det er målet vårt med desse endringane.

Jon-Inge Fæster skriv på nordnorskdebatt 3. mai at regjeringa ruinerer drosjenæringa fordi drosjemarknaden fungerer godt. Eg synes det er merkeleg når prisane går opp, samstundes med at omsetninga i bransjen går ned og det vert køyrd færre kilometer med passasjerar i bilane. Alt dette i ei tid da folk vert meir og meir vande til dør-til-dør-løysingar.

Det er fleire påstandar i innlegget til Fæster eg ønsker å imøtegå. Aller først vil eg vere tydeleg på at vi treng endringar i norsk drosjenæring. Dagens regelverk stammar frå 40-tallet. Ein treng ikkje å vere historikar for å forstå at transportbehovet i dag er heilt annleis.

Vi ønsker å gjere endringar no, før det er for seint. Sikre eit så godt tilbod som mogleg for kundane før dei sluttar å ta drosje.

At drosje er eit av dei tryggaste framkomstmidla stemmer ikkje overens med ein rapport frå Forbrukarrådet. Den viser at mange føler seg utrygge når dei nyttar drosje. Moglegheit til å bestille ein drosje og sjå kven som er sjåfør er til dømes eit enkelt middel for å gje ein betre følelse av tryggleik. Det opnar vi for med nye teknologiske løysingar.

Vi sørger òg for at det vert fleire krav til sjåføren, ikkje løyvehavaren. Det er tross alt sjåføren som møter passasjerane og alle deira behov. Derfor har vi styrka til dømes den faglige kompetansen for sjåførane.

Fæster samanliknar drosjeyrket med læraryrket med at å fjerne løyveplikten til ein drosjeeigar er som å fjerne norskkravet til ein lærar. Det er eg heilt einig i. Derfor skal det fortsatt vere krav om løyver til alle som driv med drosje.

Vi ønsker å senke etableringshindra, for å auke konkurransen og sleppe til nye aktørar. Det kan òg føre til at fleire som køyrer svart i dag kan gjere det lovleg enklare. Samstundes skal det ikkje bare vere å setje seg i bilen å køyre. Vi må ha nokon tydelege rammar både til løyvehavaren, sjåføren og bilen.

Fæster viser òg til at terskelnivå 2 opnar for at det ikkje vil vere mogleg å innføre einerettar i fleire byar enn vi har gitt inntrykk for. Det er sjølvsagt feil. Regjeringa går inn for terskelnivå 1, slik at det fortsatt vil vere mogleg å innføre einerettar i 384 av landets 422 kommunar. Så om marknaden ikkje gjer eit tilfredsstillande grunnlag for å drive drosje, vil det store fleirtalet av norske kommunar ha moglegheit til å innføre einerettane.

Når det blir meir konkurranse kan vi få eit betre drosjetilbod med eit meir differensiert tilbod og meir differensierte prisar. Studiar frå andre land viser at kundane vert meir fornøgde med tilbodet. Det er målet vårt med desse endringane.

Vi vil følgje endringane nøye, slik at vi kan gjere nødvendige justeringar undervegs. Vi lytta til næringa og utsette innføringa med seks månader. Slik kan bransjen, både dagens og morgondagens, få litt betre tid til den nye kvardagen.

At vi opnar for nye teknologiske løysingar er “eit tydeleg signal på at dagens regjering ønsker å få andre aktørar til Noreg”, skriv Fæster. Det er sant at vi ønsker konkurranse nye aktørar i marknaden. Det er bra for konkurransen. Eg vil samstundes påpeike at alle nye aktørar uansett må knyte til seg løyvehavarar som er registrert i Noreg.

Eg er forundra over at nye teknologiske løysingar er noko avskyeleg. Ny teknologi får større og større plass i kvardagen til folk. Rett og slett fordi det gjer kvardagen enklare og meir effektiv, ja, kanskje til og med litt billigare. Dei bransjane som ikkje heng med i den teknologiske utviklinga vil kanskje ikkje vere levedyktige om få år.

Vi ønsker at folk skal ha eit godt drosjetilbod i åra som kjem. Da vert ny teknologi heilt essensielt for å knyte til seg nye kundar. Da må regelverket endrast. Det gjer vi no. Før det er for seint.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse