Annonse
Nord Steinkjer, den 40 år gamle Distriktshøgskolen, utvikla etter- og vidareutdanningstidbod for sitt omland, gjerne i form av årstudiar ved samlingar. Dermed kunne t.d tilsette i kommunane/offentleg sektor få fagleg oppdatering. Dette var så uviktig for Nord at tilboda vart lagt ned over natta, skriver Gjermund Haga. Foto: Nord universitet

Nord: historisk vedtak på sviktande grunnlag

Rektor sitt framlegg er eit åtak på landsdelen samla. Ei svekking av perifere område vil endre karakteren av Trøndelag og Nordland.

Skal eit styre med forlenga funksjonstid saman med ein fungerande rektor fatte vedtak om strukturen i Nord Universitet? Ja det ser slik ut. Leiinga har det travelt. Som  tidlegare lærar i offentlege fag ved HiNT/Nord Steinkjer, er det med  undring eg les rektors rapport. Som grunnlag for å fatte historisk vedtak med omfattande samfunnskonsekvensar, held rapporten ikkje mål. Rektor inviterer styret til vedtak utan å ha utreda konsekvensane. Rektor opererer med talet 50 mill som ein gevinst, men dette er ikkje eit utreda tal. Kva følgjer sentraliseringa får for det såkalla samfunnsoppdraget er svakt utreda. Eit nytt universitet over 60 mil treng tid. Det burde vere styret si plikt sette av meir tid.

Denne saken viser kor svekka det norske demokratiet er. Over lang tid har dei sentrale styresmakter delegert frå seg makta til autonome selskap/foretak med mål å bryte ned skiljet mellom marknaden og offentleg sektor, som skal formast ut frå marknadsteori. Dette har gitt det ny-klassiske økonomifaget forrang. Rektors rapport er for sterkt prega av bedriftsøkonomisk tenking. Det er mye tale om berekraft i økonomisk forstand. Det rår ei snever er oppfatninga av kva eit universitet skal vere, tunnelsyn der telling av gradar og publiserte artiklar er overordna. Alle forstår at dette er sentrale oppgaver, men kor er kompetansen i Nord-styret på universitetet si breie samfunnsrolle?

Kva med etter-og vidareutdanning? Kva med pedagogiske krav og oppfølging av den enkelte student? Er det utreda kor mange ekstra lærarar som trengs når stadig fleire skal ha forskingstid?  Ikkje minst dette: eit nytt universitet må svare på dei store utfordringane i samtida, tenke tverrfagleg. Korleis bidra til å redde miljøet, korleis bidra til sosial berekraft i ei tid der skilnadane aukar og fellesskap er under press og aggresjon og hat mellom grupper breier seg. Universitet må vere ein demokratispydspiss.

Eg vil oppmode interesserte til å sjå på fylkesrådmannens framlegg til høringsuttale (Trøndelag fylkeskommune).  Motsett rektors rapport, har fylkerådmannen ein brei gjennomgang. Særleg viktig å merke prosessar ved andre fusjonerte universitet. Universitetet i Sørøst-Norge arbeider med ein desentralisert fleircampus-modell. Det er også all grunn til å merke seg at tilsynsorganet NOKUT no seier frå om at det er for stor vektlegging av forskingsaktiviteten. Erfaringsbasert kunnskap er også vektlagt i rammevilkåra for universiteta.

Eg nemner som eit apropos at Nord Steinkjer, den 40 år gamle Distriktshøgskolen, utvikla etter- og vidareutdanningstidbod for sitt omland,  i form av årstudiar ved samlingar. Dermed kunne tilsette i kommunane/offentleg sektor få fagleg oppdatering. Dette var så uviktig for Nord at tilboda er lagt ned. Dette gjeld også Høgskolen i Nesna og andre studiestader. Det er lett å legge ned, verre å bygge opp.

  • Innlegget er korrigert av forfatteren ift. opprinnelig publisering 7. juni.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse