Energiressursane er noko fundamentalt grunnleggjande for eitkvart samfunn, både for privathushaldningane, deg og meg, for det offentlege og for det private næringslivet. Det er difor, etter mi meining, sjølvsagt at Noreg og det norske folk skal ha full kontroll med vasskraftressursane, som både tilhøyrer og er ein del av kongeriket Noreg, skriver Olav Flaate. Bildet viser Alta kraftverk. Foto: Geir Tårnesvik

Absurd fra forskarbobla om global dugnad og bærekraft

Professoren bagatelliserer kravet om sjølvråderett og kallar det nedsetjande for «proteksjonisme og nasjonalisme», ein uhyrleg påstand i ein globalisert økonomi der storkapitalen bestemmer spelereglane.

«Blant de største hindringene for den globale fellesdugnaden for omstilling til et bærekraftig energisystem er proteksjonisme og nasjonalisme (…) en progressiv kamp mot skumle kapitalkrefter som vil rane nasjonens og folkets ressurser»

Slik startar Kristoffer Rypdal, professor ved UIT Noregs arktiske universitet debattinnlegget sitt i Nordlys fredag 2. februar 2018.

Professoren opplyser om at han sidan århundreskiftet har forska  «innenfor en ny tradisjon som kalles systemvitenskap»

Då eg las innlegget, tenkte eg straks at vedkomande måtte ha vore i forskarbobla si sidan 1990 åra, med andre ord før Gro Harlem Brundtland fekk Stortinget med på å erstatta ein velfungerande tosidig handelsavtale med EU med EØS-avtalen, der EU gjennom direktiv har pålagt Noreg å ta landet bort frå offentleg forvaltning til ei stadig meir privatisering av offentleg sektor.

Det var og den tida då det norske folk for andre gong røysta NEI til norsk EU medlemskap.

Det virkar som om professor Kristoffer Rypdal ikkje har fått med seg bærebjelkane i EØS-avtalen, dei fire fridomane; fri flyt  av varer og tenester, kapital og personar.

Denne fri flyt-liberaliseringa er skreddarsydd  nettopp for dei «kapitalkreftene» som professoren viser til i innleiinga si. Dette skal stimulere til meir profitt, meir vekst, meir bruk av naturressursar, som tilslutt aukar belastninga på klimaet.

Regjeringa sitt forslag om å overføra kontrollen og reguleringa av norsk vasskraftproduksjon til ACER vert den femte fri flyt fridomen i EU/EØS–området.

Energiressursane er noko fundamentalt grunnleggjande for eitkvart samfunn, både for privathushaldningane, deg og meg, for det offentlege og for det private næringslivet.

Det er difor, etter mi meining, sjølvsagt at Noreg og det norske folk skal ha full kontroll med vasskraftressursane, som både tilhøyrer og er ein del av kongeriket Noreg.

Professoren bagatelliserer kravet om sjølvråderett og kallar det nedsetjande for «proteksjonisme og nasjonalisme», ein uhyrleg påstand i ein globalisert økonomi der storkapitalen bestemmer spelereglane.

Difor er det professoren kallar «den globale fellesdugnaden for omstilling til et bærekraftig energisystem» absurd. Desse ressursane skal styrast og regulerast  av det einskilde land si nasjonalforsamling.

Samarbeid er viktig i stort som i smått. Solidaritet og samarbeid gir styrke.

Men «direktiv-maskinen» i Brüssel har ikkje kopla inn det giret, for dei direktiva som kjem er laga for å fremje vekst og konkurranse-ikkje skape gode arbeidsvilkår og gode livsvilkår.

Fram til no ligg det føre meir enn tusen sider av eit regelverk knytta til EU og ACER sitt tredje energimarknadsdirektiv.

Dei eksisterande kraftkablane mellom Noreg og EU skal kontrollerast og nyttast i samsvar med norske samfunnsinteresser. Å kunne eksportere kraft ved overproduksjon her heime, vil vera å skape ein vinn-vinn situasjon for både EU og Noreg.

Det er difor å håpa at det norske Storting i framtida VIL setje samfunnsbyggjing og velferdsutvikling framføre det liberalistiske EU/EØS systemet.

Professor Rypdal må ta inn over seg både den økonomiske og politiske makta til multinasjonale selskap som i to ulike handelsavtalar, TTIP og TISA, har skreddarsydd spelereglane for eiga profittmaksimering, medan  nasjonalforsamlingane i dei ulike medlemslanda må akseptera desse reglane.

Dei er så profittorientert at dersom eit einskild land innfører arbeidlivsordningar - som betrar arbeidsvilkåra for arbeidarane, men resulterer i auka kostnader for verksemda - kan dei saksøkja styresmaktene i landet og krevja økonomisk kompensasjon.

Så til samansausinga av assosiasjonen til Me-too kampanjen med We-too fokuseringa.

Denne «samansausinga» er i høgste grad relevant ettersom ulike regjeringar og ulike stortingsmedlemmer år etter år har trakassert det norske folk ved bit for bit å knyta Noreg til EU.

Det norske folk har i to folkerøystingar (1972 og 1994) sagt Nei til EU-medlemsskap. Det norske folk ynskjer at landet skal styrast av demokratisk valde politikarar, som respekterer Grunnlova, demokratriet, ytringsfridom, menneskeverdet og menneskerettane.

Det norske folk ynskjer ikkje å bli styrt av administrerande direktørar for storkonsern og profitt-stimulerande direktiv frå EU.

Å overføra kontroll og reguleringsmyndigheita av den norske vasskraftproduksjonen til ACER og EU vil føra til ei nedbyggjing av demokratiet og oppbyggjing av makt for dei multinasjonale kapitaleigarane – dei som arbeider for mest mogeleg profitt i eiga lomme og ikkje for folk flest.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse