SPLITTELSE: KrF-leder Knut Arild Hareide med nestlederne Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad på podiet - idet partiets veivalg er vedtatt. "Venstresida, og også Hareide sjølv, må difor ta eit betydeleg ansvar for at sluttresultatet blei eit regjeringssamarbeid med høgrepartia", skriver Sveinung Seljås. Foto: KrF

Om å falle for eige grep

Me som ikkje ville bryte val-løftet om ikkje å gå i regjering med Frp , men heller ikkje ville felle regjeringa Solberg, må bare håpe at taktikkeriets tid i partiet nå er forbi.

KrF`s val av høgresida i norsk politikk blir forklara dels med brot på spelereglane ved val av landsmøtedelegatar (jf. Rogaland, der vinnaren tok alt), dels med nestleiar Kjell Ingolf Ropstads utspel om endringar i abortlova. Begge forklaringane er lite trulege og ikkje dokumenterte. Forklaringa ligg derimot i korleis eit landsmøte i KrF er samansett, i kombinasjon med at dei politiske skilja i partiet går geografisk. Forenkla sagt går fleirtalet i nord og aust til venstre, medan det i sør og vest går til høgre.

I alle parti får dei mindre fylkeslaga ein viss over-representasjon i partiets øvste organ, landsmøtet. Denne over-representasjonen blir derimot spesiell stor i KrF av to grunnar: 1) Den store variasjonen i oppslutnad om partiet fylka imellom og 2) ordninga med å fordele fylkesdelegatane både etter medlemstal og stemmetal. Av dei 151 delegatane vald av fylkeslaga, møtte 19 som fylkesleiarar, ein frå kvart fylke, 79 blei fordelt etter stemmetal ved sist val, og 53 etter medlemstalet ved siste årsskifte. Også i dei to siste fordelingsnøklane ligg det store tillegg for dei små fylkeslaga. Samla resulterer ordningane i ein svært sterk over-representasjon frå desse. Hedmark og Vest-Agder som er om lag like etter folketal, representerer ytterpunkta rekna etter prosentvis oppslutnad ved 2017-valet med 1,8 % og 12,6 %. Ei matematisk fordeling etter stemmetalet skulle gitt representasjonen 1 : 7. I landsmøtesalen sat det derimot 6 delegatar frå Hedmark mot 10 på kvota frå Vest-Agder. Går ein til det minste fylkeslaget, Finnmark, blir over-representasjonen endå større. Og dei dette går ut over, er dei store laga i sør og vest. Rogaland hadde t.d. 18 % av alle KrF-medlemmane, 17 % av alle KrF-stemmene men bare 10,5 % av landsmøtedelegatane. Dei fleste forstår at ei slik delegatfordeling ikkje representerer medlemsmassen eller veljarane på ein god måte, og alt talar for at ordningar som sikrar medlemmane nokolunde lik påverknad uavhengig av kor dei bur i landet, vil tvinge seg fram.

Ei meir rettferdig delegatfordeling fylka i mellom, ville, lågt estimert, auka stemmetalet for såkalla blå side med 10-15 stk. I staden for 90 mot 98 ville det blitt 75/80 mot 113/108. Om også vala av delar av dei resterande 39 delegatane lir av same skeivfordelinga, er det ikkje utenkeleg at fordelinga i landsmøtet etter ei retting også her hadde kunna enda på 70 mot 120.

Hareide og støttespelarane hans kjente til, og må ha analysert situasjonen slik at gjeldande delegatfordeling gav venstresida ein viss vinnarsjanse. Med ei meir representativ delegatfordeling ville nok analysen blitt ein annan. Venstresida ville då ha innsett at slaget var tapt. I staden for å tvinge fram eit val mellom ytterstandpunkta, ville det då vore naturleg å falle ned på det som også landsmøtet i 2017 såg på som eit sansynleg utfall, å fortsette i opposisjon. Eit slikt utfall ville det vore fleirtal for i landsmøtesalen, også med ei meir representativ fordeling av delegatane fylka imellom. Det er difor nesten uforståeleg at Hareide-fløya valde å gå lina heilt ut, og med det bane veg for forhandlingar med høgresida. Einaste moglege forklaringa, og som nå kjem tydelegare fram etter regjeringsforhandlingane, må vere at Hareide-fløya rekna med å kunne stoppe regjeringsprosjektet med H, Frp og V i landsstyret, for deretter å hevde å ha landsmøtevedtak på å kunne gå direkte i nye regjeringsforhandlingar med Ap og Sp. Som kjent snudde eit tilstrekkeleg tal «raude», slik at partiet likevel sa ja til å gå inn i Solberg-regjeringa.

Venstresida, og også Hareide sjølv, må difor ta eit betydeleg ansvar for at sluttresultatet blei eit regjeringssamarbeid med høgrepartia. Ein slik konklusjon synes derimot å vere heilt fråverande i media-dekninga til nå. Unnataket er kanskje NRK`s Lars Nehru Sand sin lakoniske kommentar 17.01.: «Paradoksalt nok er det taperens skyld. Det var Hareide som satte det hele i gang for 110 dager siden».

Me som ikkje ville bryte val-løftet om ikkje å gå i regjering med Frp , men heller ikkje ville felle regjeringa Solberg, må bare håpe at taktikkeriets tid i partiet nå er forbi.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse