Annonse
HAVETS VERDIER: Skipper Trond Dalgård (51) og Jan Gunnar Johansen fisker etter skrei på havet ved Gryllefjord på utsiden av Senja. foto: NTB Scanpix

Opplevde gladmeldingar

Regjeringen må lytte til kystsamfunnene. De trenger tilgang til de evigvarende fiskeressursene i form av råstoff, skriver Aps Ingrid Heggø.

For Arbeiderpartiet er det grunnfesta at ressursane høyrer fellesskapet til.

Næringskomiteen handsamar no stortingsmeldinga om sjømatindustrien. Musikken til arbeidet er gladmeldinga frå Sjømatrådet: Nær 30 prosent eksportvekst frå februar i fjor til i år. Og det gjeld ikkje berre laksen, men kvitfisk, pelagisk og skaldyr, ikkje minst. Eksporten av krabbe har auka med 317 prosent.  

Samtidig: Jo viktigare ei næring blir, jo viktigare er det at politikarane held hovudet kaldt og tenkjer langsiktig. Potensialet for auka, norsk verdiskaping må utnyttast, og det på ein måte som gagnar kystsamfunna.

For Arbeiderpartiet er det grunnfesta at ressursane høyrer fellesskapet til, og at havressurslova, deltakarlova og fiskesalslagslova er grunnlovene for norsk fiskeriforvaltning. Her får andre skape forvirring, det gjer ikkje vi. Men vekst og sysselsetting i sjømatnæringa handlar om meir: Korleis sikre at etterspurnaden etter norsk råstoff gir lønsemd i industrien og foredlingsarbeidsplassar på land?

Stortingsmeldinga er for lite konkret på industristyrkande tiltak, for passiv på marknadstilgang, for passiv på kompetanseheving og forsking. Vi saknar insentiv til å få heile fisken i land: Regjeringa burde ha fått med seg at fiskeslo er i ferd med å bli ein ressurs som kan nyttast til meir enn mat for måsane.

Leverings-, bearbeidings- og aktivitetsplikt er likevel dei mest sensitive sakene. Den første skal regionaliserast, den andre fjernast og den siste fjernast via ein kommisjon, om regjeringa får det som ho vil. Ap meiner det er feil medisin, og kjøper ikkje premissen. Vi kan vere einig i at pliktene ikkje fungerer som tenkt, men då må ein først gå tilbake til kva som var tanken: Sikre landindustrien råstoff til rett kvalitet året rundt. Vi er for kommisjon, men då må jobben vere å føreslå meir treffsikre grep for å nå målet med dei tre pliktene – ikkje å avvikle dei.

Vi forventar at ein kommisjon tek med seg dei klare tilbakemeldingane i høyringsrunden: Industrien i kystsamfunna treng tilgang til dei evigvarande fiskeressursane i form av råstoff - ikkje ein eingongssum. Arbeiderpartiet vil vidare ha utgreidd flytting av kvoteåret og utvide prøveordninga med kvoteflex på fartøynivå. Vi ønskjer ein eigen strategi for heilårsarbeidsplassar i sjømatindustrien, og føreslår konkret at fartøy utan leveringsplikt får kvotebonus ved heilårs leveringsavtalar med industri på land.

Det handlar både om at gladmeldingane skal halde fram, og at dei skal opplevast slik langs heile kysten.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse