Annonse
I staden for å sjå potensialet i det særs gode som finst på Nesna, brukar rektor, dekan og styreleiar reine løgner, manipulert statistikk og forvridd historieforteljing til å sverte Nesna og dermed rettferdiggjere eit særs urettferdig, ulogisk og lite framtidsretta vedtak, skriver Hallvard Kjelen. (Foto fra Wikipedia)

Prosessen mot Nesna

Nokon måtte ha baktala Nesna, for ein føremiddag vart lærarutdanninga der lagt ned utan at ho hadde gjort noko gale (fritt etter Kafkas Prosessen).

I det offentlege ordskiftet etter vedtaket om å leggje ned Nord universitets campus på Nesna har mange, til dømes rektor ved Nord universitet, dekanen ved Fakultet for lærerutdanning, Egil Solli, statsråd Iselin Nybø og styreleiar Vigdis Moe Skarstein, hatt behov for å rettferdiggjere vedtaket. I iveren har desse mektige menneska gløymt nokre viktige prinsipp som gjeld for eit opplyst ordskifte. I tråd med sjargongen mellom mektige menneske elles no for tida, ser nemleg heller ikkje denne forsamlinga maktpersonar ut til å vere særleg forplikta på sanning. For kva er sanninga om lærarutdanninga på Nesna? Er denne lærarutdanninga av så dårleg kvalitet at Helgeland er betre tent med å løyse opp eit røynt og velutdanna kollegium og sende det til Bodø? Det soleklare svaret er: Nei. Tvert om skårar lærarutdanninga særs godt på mange parametrar. Lærarutdanningane på Nesna held god kvalitet, fagfolka der har høg kompetanse og driv forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for lærarutdanninga og er involverte i internasjonale forskingsprosjekt. I viktige fag for lærarutdanninga som matematikk, norsk, musikk, kunst og handverk og naturfag, og ikkje minst i pedagogikk har fagfolka på Nesna høg kompetanse, og ein forskingsproduksjon som lett toler samanlikning med det fagmiljøa i Levanger og Bodø kan vise til både når det gjeld relevans, omfang og kvalitet.

Fagmiljøet har høg kompetanse på distribuerte utdanningstilbod, og ein stadig betre kompetanse på framtidsretta digitale løysingar. For rektor er nettundervisninga – som skjer i eit moderat omfang, og som jamt over held høg kvalitet, eit argument for nedlegginga. Det viser ganske tydeleg kor lite rektor veit om undervisning, kor lite rektor veit om dei studentgruppene som utdanningane på Nesna rekrutterer. Det viser total mangel på innsikt i kva fagmiljøet på Nesna driv med, nemleg utvikling av gode utdanningsløp tilpassa geografien i nedslagsfeltet til campus Nesna. Utdanningsløp tilpassa ei viktig søkargruppe, folk som allereie er etablerte, og som kanskje ikkje har moglegheit til å flytte til ein by for å studere i fleire år.

Fagmiljøet på Nesna kunne ha vorte eit leiande miljø på nasjonalt plan i å tilby gode undervisningsløp med god balanse mellom fysiske samlingar på campus og nettstøtte mellom samlingane. Igjen har rektor og dekan vore ute og spreidd grove usanningar om utdanningsløpa våre. Det er ikkje slik at 90% av undervisninga på Nesna er nettundervisning. Det er fantasi og oppspinn. Rektor har valt eit tilfeldig, men oppsiktsvekkjande tal, berre med det for auge å sverte utdanninga på Nesna. Om ein spør studieansvarlege på Nesna, kan ein få reie på rette tal for dei ulike studia. For dei fleste emna skjer det aller meste av undervisninga på fysiske samlingar, noko av undervisninga blir gjeve over nett i periodane mellom utdanningane. Alle studentane får eit undervisningsomfang som er etter fakultetets norm, og som er samanliknbart med tilsvarande utdanningar.

Dette er ganske lett å sjekke for den som vil, det er ikkje hemmeleg, men lett tilgjengelege opplysningar. Rektor tar likevel sjansen på løgn. Det er dristig. Her snakkar vi altså om ein arroganse frå rektors side som er skremmande. Ikkje ein gong rein og lett gjendrivbar løgn held Hanne Solheim Hansen seg for god til. Bør slike menneske leie ein kunnskapsinstitusjon?

Om ein samanliknar med campus i Bodø, har Nesna fleire søkarar til lærarutdanningane og studiebarometeret viser at studentane trivst på Nesna. Ja, faktisk har Nesna nokre av Noregs mest fornøgde lærarstudentar. Lærarutdanninga på Nesna har lågt fråfall, og kan vise til gode resultat på dette feltet, særleg om ein tek omsyn til at utdanningane er samlingsbaserte. Rektor og no sist ministeren brukar eit fiktivt tal, det magiske talet 21. Dette talet skal visstnok vere prov på at Nesna slit med både dette og hint, og synest aleine å vere grunn nok til å leggje ned lærarutdanninga på Nesna. Kva viser så dette talet til? Ja, den som visste det. Det talet har uansett ingenting med røyndommen å gjere, viser det seg. Har det noko med studenttal å gjere? Nei, slett ikkje. Det kan alle som har interesse av sanninga, finne ut av. Studenttalet på Nesna har visseleg gått ned sidan fusjonen i 2016, men det skuldast prioriteringar gjort av fakultetsleiinga, altså nullopptak og nedlegging av tilbod, ikkje manglande søking til Nesna. Nesna har hovudsakleg studentar i fulltidsutdanningar, som får undervisningstimar etter den norma som gjeld ved fakultetet. Studentane er ute i praksis slik dei skal, og dei fleste får den oppfølginga dei har krav på. Igjen: ta ein kikk på studiebarometeret.

Dersom rektor, og ikkje minst styret og styreleiar Vigdis Moe Skarstein hadde hatt skamvit nok til å opne og lese dei mange grundige høyringsfråsegnene som kom inn i høyringsrunden før styremøtet den 26. juni, kunne dei ha funne ut noko om kvaliteten på det arbeidet som blir gjort på Nesna, dei kunne funne ut noko om den gode kompetansen som fagmiljøet på Nesna har, og dei kunne fått nokre gode innspel til korleis ei lærarutdanning på Helgeland med Nesna som drivkraft kunne vidareutviklast og perfeksjonerast. Men verken rektor eller styret har hatt interesse av å ta inn over seg innhaldet i høyringsfråsegnene. I staden for å sjå potensialet i det særs gode som finst på Nesna, brukar rektor, dekan og styreleiar reine løgner, manipulert statistikk og forvridd historieforteljing til å sverte Nesna og dermed rettferdiggjere eit særs urettferdig, ulogisk og lite framtidsretta vedtak. Styret, som ein skulle tru bestod av kompetente folk, har slukt rektors framstilling rått, nesten utan kritiske innvendingar. Det viser med all tydelegheit inkompetansen til det sitjande styret, og det viser korleis viktige samfunnsøkonomiske avgjerder gjennom maktoverføring til tilfeldige styrer, kan få øydeleggjande konsekvensar.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse