Vil ikkje EU gå med på å endre ei EØS-avtale som er i norsk disfavør, så får vi heller seie opp heila avtala. Vi har ein frihandelsavtale og WTO-reglar som gjeld like fullt, skriver Olaf Gjedrem. Foto: Nei til EU

Redsla for EØS-avtala er eit demokratisk problem

Noreg sit i røynda med alle kort på handa. EU vil ha fisken vår og olja vår, med eller utan ei EØS-avtale.

Leiarskribenten i Nordlys er 21.8. uroleg for at det går føre seg eit «farlig spill» om EØS-avtala. Fleire politikarar får sine pass påskrivne av di dei «skaper usikkerhet» kring denne avtala. Berre det å debattera EØS er visst ein farleg risikosport.

I røynda er det sjølve EØS-avtala som skapar utryggleik. Som Nordlys sjølv skriv: «EØS er en dynamisk avtale som 'legger på seg' for hvert år som går.»

I «normale» avtalar er innhaldet kjent og konkret for underskrivarane. For å endra innhaldet må ein endra sjølve avtala. Men EØS-avtala er så full av veksthormon at ho har spreidd seg ukontrollert til mest kvar krik og krok i norsk lovverk, for det meste utan politisk innblanding og kontroll. Tvangsabonnementet på EU-reglar skaper stendig utryggleik på arbeidsplasser, i transportbransjen, i fiskerinæringa, i kommunane. Nokre få stikkord kan vere bemanningsbyrå, kabotasje, grensekontroll, helikoptertrafikk og anbudsutsetting.

Likevel meiner både Nordlys og EU-ministeren at «(d)et er en illusjon å tro at Norge kan få et bedre resultat ved å reforhandle EØS». Slike utsagn er skremmande med omsyn til demokratiske prosessar. Dei syner korleis EØS-avtala har vokse til eit overbygg som politikarar er redde for å utfordra, samstundes som førebels 12.000 rettsakter frå EU er blåkopiert inn i norske lover og forskrifter.

Ein slik politisk apati og redsle er i seg sjølv eit trugsmål mot demokratiet vårt, og kan òg vere ei forklaring på det som vert omtala som veksande politikarforakt i folkedjupet.

Noreg sit i røynda med alle kort på handa. EU vil ha fisken vår og olja vår, med eller utan ei EØS-avtale.

Meir enn 150 land seljer varer til EU. Ingen av dei må endra lovverket sitt eller svekke tariffavtalane sine for å få selt varene sine. Det er berre Norge, Island og Liechtenstein som på grunn av EØS-avtala må «stå på pinne» for EU. Det er denne underkastinga under EU-lover som ligg til grunn for EØS-motstanden i Norge. EØS-avtala trengs ikkje for å få selt varene våre. Dei som ikkje berre forsvarar EØS-avtala, men som òg åtvarar mot å pirke borti ho, har difor eit stort forklaringsproblem.

Vil ikkje EU gå med på å endre ei EØS-avtale som er i norsk disfavør, så får vi heller seie opp heila avtala. Vi har ein frihandelsavtale og WTO-reglar som gjeld like fullt. 

Når Nordlys meiner vi skal bruke handlingsrommet til å forbetra EØS-avtalen, er det vanskeleg å skjøna kva avisa meiner. Skal avtala verte forbetra, må ho jo forhandlast på nytt. Det finst to måtar å nytta handlingsrommet i EØS-avtala på: Den eine er at Noreg reserverer seg mot nye direktiv og forordningar, den andre er å seie opp avtala.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse