Annonse
Stefan Løfven vil møte problema i distriktspolitikken med ei dramatisk omfordeling av statstilskota til kommunane. I Noreg er dette, med dagens regjering, utenkjeleg, skriver Gunnar Grytås. Foto: Soscialdemokraterna / Anders Löwdin

Robin Hood – god eller grådig?

Sverige vil styre friske milliardar i skatteutjamning frå urbaniserte storbyar til næringsvake distrikt på landsbygda. I den nye rolla som Robin Hood vil statsminister Stefan Løfven ta frå dei rike og gje til dei fattige. Ein forkasteleg tanke på norsk side av Kjølen der vinden bles i motsett retning.

Den nye retninga for kommunetilskota i Sverige kjem etter mange års utarming som har råka utkantane hardt.

I sommar varsla regjeringa at cirka tre milliardar i økonomiske tilskot skal overførast frå rike til fattige kommunar. Den store taparen på dette blir Stockholm med ein reduksjon i statlege tilskot på 1,5 milliardar. Ein av vinnarane er industrikommunen Bjørneborg i Värmland der folketalet på 20 år gått ned frå 2.000 til 1.200. Her vil dei få 250 millionar meir, og det var ikkje tilfeldig at det var her statsministeren heldt sin årvisse sommartale der reforma vart lansert. Regjeringa vil også auka totalsummen som skal fordelast frå 9,7 til 11,5 milliardar.

No går det mot at regjeringa får eit klart fleirtal for dette i Riksdagen. Det meste fall på plass då Sverigedemokraterne i veka som gjekk varsla at dei vil støtte forslaget, og då kjem restane av den såkalla liberal/konservative Alliansen i mindretal.

Den nye retninga for kommunetilskota i Sverige kjem etter mange års utarming som har råka utkantane hardt. Mest alvorleg er det sjølsagt når industriarbeidsplassane, for eksempel i skogbruket og verkstadindustri, blir nedlagde. Dette utløyser oftast ei utvikling der offentlege tilbod og tenester også blir råka: post, politi, trygdekontor, arbeidsformidling, skular og «dagis». Så ryk butikkane, og den lokale bensinstasjonen som svenskane er meir avhengige av enn vi nordmenn.

Både i Sverige og Noreg er det blitt meir og meir vanleg å overlate til markedet å løyse problema i politikken. Dette starta for alvor tidleg på 1990-talet, og har prega både styringa av kommunane og distriktspolitikken. Dette kan fungere bra når det er mange som både tilbyr og vil kjøpe, men fungerer ikkje når det er få kjøparar med lite kjøpekraft. Då blir også interessa for å tilby tilsvarande liten, og etter cirka 30 års erfaring med dette har vi mange eksempel på korleis urbanisert markedsmakt og kjøpekraft let utkantane segle sin eigen sjø.

Stefan Løfven vil møte problema med ei dramatisk omfordeling av statstilskota til kommunane. I Noreg er dette, med dagens regjering, utenkjeleg. Då Solberg-regjeringa kom til makta i 2013 var det med klar tale og sterk vilje til satse på storbyane. Slik får milliardsubsidieringa av lånekapitalen i bustadmarkedet full effekt. Dei tyngste investeringane til vegar og jernbaner skjer her, og i tillegg kjem eit par tusen nye jobbar i offentleg sektor som resten av landet må sjå langt etter.

Her heime har refrenget frå regjeringa med Monica Mæland og Jan Tore Sanner i spissen vore «sterke», «robuste» og «bærekraftige» kommunar som eit forsvar for samanslåinga som  blir gjennomført. Men no fryktar 170 av desse kommunane at dei vil bli svekka med den dramatiske omlegginga av kraftskatten som eit regjeringsoppnemnt utvalg foreslår. Det handlar om eit gjennomsnittleg inntektstap på 3,7 – 4,0 milliardar i året, men med store variasjonar frå år til år.

Mange svenske kommunar som også leverer elektrisk kraft ville hatt langt betre økonomi med eit norsk skattesystem. Men her er vår ordning bortimot unik. Den kom etter knallhard politisk kamp for over hundre år sidan. Og den handla om langt meir enn at folk skulle få billig elektrisk lys når turbinane starta opp i fjell- og fjordkommunar, slik det blir hevda av folk i utvalet.

Dei castbergske konsesjonslovene var først og fremst eit kontant tilsvar på storkapitalen sitt press for å få full kontroll med ein svært verdifull norsk naturressurs. Det sette ein stoppar for utanlandsk eigarskap. Og like viktig; lokalsamfunna fekk ein rettmessig del av profitten på slike store og irreversible natur- og miljøinngrep.

Nyleg kom det fram at nesten ingen kommunar vil ha vindmøller innanfor sine grenser. Årsaka til dette er eit svakt konsesjonsregelverk, og  erfaringar med at anlegga blir sterkare, større og styggare enn det som vart presentert på dei første informasjonsmøta. Og i motsetning till vasskrafta er det heller ikkje eit skatteregime som sikrar lokale inntekter, noko som truleg ville gjort det politisk lettare for mange kommunar seie «ja» til desse anlegga.

Regjeringa sitt ekspertutvalg meiner at kraftskatten til kommunane hindrar opprustning av eldre kraftverk og utbygging av vassdrag som i dag er verna. Men samstundes vil dei auke grunnrenteskatten til staten frå 37 til 39 prosent. Både Energi Norge og ekspertar som ikkje har fått plass i utvalget meiner at dette ikkje vil fungere, og at det først og fremst er grunnrenteskatten som hindrar investeringar som kan auke produksjonen.

Den politiske kampen om dette blir tøff, og reaksjonane frå regjeringspartia har vore svært vage. Men mykje tyder på at finansminister Siv Jensen fekk det rådet ho helst ville ha. I så fall kan dette bli slutten for eit viktig prinsipp både i skatte- og distriktspolitikken: At lokalsamfunn skal ha noko tilbake for å avstå naturressursar.

Om to-tre veker skal eit anna utval kome med tilråding av havbruksskatten. Også her er det sterke forventningar om at kystkommunane skal få noko tilbake for oppdrettsnæringas bruk og slitasje på areal i fjordane. Signala frå kraftskatteutvalget tyder på at dette slett ikkje er opplagt. På bordet ligg også ei fersk stortingsmelding om strukturen i fiskeflåten. Her opnar regjeringa for å leige ut ein del fiskekvotene mot eit proveny til staten, i første omgang på 100 millionar.

Er dette det første signalet om ressursrenta også her tilhøyrer staten? Og kor «sterke» og «robuste» kommunar blir det av slikt?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På vår side av grensefjella har vi nettopp hatt eit lokalvalg der aukande motstand mot Solberg-regjeringa si sentralisering på fleire samfunnsområde kom klart til uttrykk. Og etter valget er det kome fleire reseptar på meir medisin

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse