Annonse

Finnmark 2021: Ryddig reversering

Etter at krutrøyken no har lagd seg i regionstriden, er det tid for å starte ei ryddig reversering av samanslåinga av Finnmark og Troms. Regjeringa har, med eit knapt stortingsfleirtal i ryggen, køyrt ein regionreform-prosess der den har sett til sides reglar for vanleg saksbehandling. Det har vore ein hardhendt framgangsmåte, på tvers av regional og lokal folkevilje, for å nå det politiske målet om at Norge bør ha 11 regionar. No er denne ekstraordinære prosessen til endes, og vanleg saksfremjing etter norsk lov bør vere det normale.

Då er det berre å ta fram «Inndelingslova - Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser». Inndelingslova viser korleis ein skal gå fram for å slå saman fylker, og for å dele opp fylker. Heldigvis har vi eit lovverk som kan sikre ryddig saksgang på eit område der lokal og sentralpolitisk vilje ofte peikar i ulike retningar. I formålsparagrafen legg ein stor vekt på den lokale (og regionale) folkevilja: «Verksemda etter denne lova skal byggje på prinsippet om lokal medverknad og initiativrett til grenseendringar» (dette prinsippet blei sett fullstendig til sides ved gjennomføringa av regjeringa si regionreform).

§ 5 gjeld vedtak om deling. Det er berre Stortinget som kan gjere vedtak om deling av fylke. Så her kan ikkje dei som vil ha Finnmark og Troms tilbakeført som eigne fylke rekne med at noko som helst vil skje i inneverande stortingsperiode. Valget 2021 blir avgjerande.

Men § 8 opnar for å sette i gang delingsprosessen frå første møte i det nye fylkestinget. «Søknad om at det skal setjast i gang utgreiing om samanslåing eller deling  kan berre fremjast av kommunestyret eller fylkestinget sjølv i dei kommunane eller fylkeskommunane endringsforlaget gjeld».

Så avgjer departementet om det skal setjast i gang utgreiing om deling på grunnlag av initiativ frå fylkeskommunen (§9). Noverande kommunalminister vil heilt sikkert vere negativ, men lova sier at eit avslag kan påklagast. Prosessen kan vere i gang, slik at ei ryddig reversering kan bli utgreidd og vedtatt av eit nytt Stortingsfleirtal etter valget in 2021.

Ei god grunngjeving for raskt å tilbakeføre Finnmark og Troms som eigne fylker er klimapolitikken. Drifta av det samanslåtte fylket fører til auka bruk av flyreiser. Regjeringa har vedtak om store utsleppsreduksjonar. Den inngår avtalar for å stoppe veksten i utslepp frå biltrafikken i landets storbyar. Då er det er rimeleg – og klimapolitisk nødvendig – å ha utsleppsreduksjon som mål også i fylkespolitikk og forvaltning. Troms er eit fylke der det ikkje er behov for flyreiser for å utøve fylkeskommunal verksemd. Finnmark er allereie for stort til at ein heilt kan unngå bruk av fly i forvaltning og politikk. Men ein bør i klimapolitikkens namn iallfall ikkje auke avhengigheta av flyreiser. Det er dette som er i ferd med å skje, og derfor bør klimaargumentet kunne nyttast aktivt for å  gjenskape fylka Finnmark og Troms,  i lovlege former.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse