Annonse
Samisk familie på Kola rundt 1920. Drøyt tjue år seinere slo "den store terror" under Stalin til for fullt mot de samiske områdene. Bildet er fra den historiske samlinga på Saamiblog. (Fotograf ukjent)

Samar under Stalin

Terroren under Stalin ramma urfolka heilt nord til ishavet. Verst gjekk det ut over samane på Kola.

Dei to terrorbylgjene under Stalin set fortsatt sitt preg på samane i Russland.  

Ved den store folketeljinga i Sovjetunionen i 1926 blei det registert 190 etniske grupper og 150 ulike språk. 43 prosent av folket var etniske russarar og 26 folkegrupper i nord «små nordlege folk». Dei blei sett på som tilbakeliggjande. Josef Stalin (1878-1953) vart den fyrste folkekommisæren med ansvar for å leia dei nordlege folka mot det sosialistiske samfunnet. Bolsjevikane såg på dei som «primitive», men hevda samstundes at dei hadde vore utsette for stygg handsaming av tsarregima. No måtte dei løftas opp til økonomisk modernisering og sivilisasjon. Vegen gjekk gjennom skulegang og opplysning. Ein liberal etno-politikk vart meisla ut på 1920-talet gjennom Nordkomitéen. Det lyste optimisme over politikken for «etniske heimland» eller «nasjonale område». Kan bolsjevikane ha henta røynsler frå Samelandsmøtet i Trondheim 6. februar 1918?

Det nye regimet innsåg at lese- og skriveopplæring var naudsynleg i den sosialistiske prosessen. Men foreldra i dei nomadiske områda ville ikkje sende borna frå seg til omgangs- og internatskular. Instituttet for nordlege folk i Leningrad satte i gang eit omfattande alfabetiseringsprogram. Morsmålopplæringa starta opp i 1929 og tre år seinare var dei fyrste lærarane klåre for samiskundervisning på Kolahalvøya. To personar fekk spesielt mykje å seie, Zakharij Tsjernakov og Vasilij Alymov. Både to var etnografar, og fyrstnemde hadde skrive ivrig om samisk språk og kultur. Alymov vart i 1935 leiar av det etnografiske museet i Murmansk. Han studerte tilhøva både for nenetsar og samer. Professor Øyvind Ravna har for øvrig skrive spanande i Kampen om tundraen. Nenetserne og deres historie (Diedut nr. 4/2002)

Kollektiviseringa av reindrifta alt med den fyrste femårsplanen skulle bli ei ulukke. Den tradisjonelle organiseringa av reindrifta gjennom siida-systemet braut saman. Dei som motsette seg prosessen, vart sett på som klassefiendar. Eigarane av store reinflokkar var borgarlege element, og no tok dei brutale prosessane til. På Kolahalvøya kom det i gang omfattande industrialisering knytta til gruvedrift og matallurgi. Ei omfattande tvangsforflytting vart sett i gang t.d. med utviklinga av gruvebyen Monstjegorsk. Stalin-regimet fekk blod på tann. I 1936 blei det erklært at dei nasjonale spørsmåla var løyste, og morsmålundervisninga på samisk kunne avviklas. Frå 1933 til 1944 køyrde regimet gjennom ei nådelaus kollektivisering.

Den stalinistiske terroren rakk heilt ut til ishavet. Dei som motsette seg regimet, blei raskt arresterte og dømde av vysjaja mera nakazania, loven si strengaste straff – dødsdom. Under prosessane vart 105 samar av om lag 1600 arresterte, over halvparten av dei blei dømde og avretta, skulda for kontrarevolusjonær verksemd, spionasje og anti-sovjetisk aktivisme.

 ‘Den store terror’ i 1936-1938 slo for fullt til i dei samiske områda. Om lag 30 frå Lovozerskij-området blei skulda for å vera med i Saamskij zagovor, «Den samiske sammensvergelsen». Om samane blei spurde om dei var misnøgde med tilhøva og svarte ja, kunne dei bli skotne, kasta på havet eller sende til Gulag-leirar. Om lag 7000 menneske på Kola gjekk med i dragsuget. Ordrane var klåre: «Bank ham meir!» og «Skyt heile hopen!»

Aleksandr Stephanenko, russisk forfatter og journalist, utga i 2003 boka om den henrettede familien, Rasstrelyannaya semya. Den tek for seg lagnaden til Motovka-siidaen i Pechenga-dalen kor Finland hadde sin arktiske korridor. Boka med tekstar og foto er grufulle innsyn i korleis heilt uskuldige skoltesamar blei forfylgde. Suenjel-siidaen i same dal fekk ein dyster lagnad. Dei gjenlevande kom i skotlina då Den raude hæren og nazi-styrkane tørna saman på Litsa-fronten; samar og nenetsar deltok i lasso- og reinbrigadane. I ei bok om frigjeringa av Aust-Finnmark av Gorter, Gorter & Suprun fortel ein (s. 39-40): «I snøstormen om natta kastet vi med lasso. Det var ikke tillatt å skyte, dette kunne i så fall alarmere fienden. Med et lassokast kunne man fange noen og trekke ham bortover.»

NKVD i Murmansk med velsigning frå høgare hald såg med mistanke på samane som budde i fire statar. Professor Jens Petter Nielsen har samanfatta innhaldet i Stephanenko-boka (Acta Borealia 1-2004: 83-85). Under desse prosessane vart det kokt i hop ei historie om ein autonom samisk republikk på Kola som ville lausrive seg og slutta seg til Stor-Finland. Nemde Alymov skulle bli president. Han hadde jo hatt kontakt med borgerlege forskarar som Erkki Itkonen i Finland og Just Qvigstad i Noreg. Men også andre russarar, t.d. reindriftseksperten Aleksandr Salazkin, komande krigsminister, blei avretta. Dei hadde jo hatt planar om å drepe Stalin, Molotov og Voroshilov slik at det blei finsk seier over Sovjet. Så kunne samestaten bli skipa. (J.P. Nielsen: Døden løser alt. Nye perspektiv på Stalins terror. Spartacus forlag 2012).

NKVD (seinare KGB) blei under ‘Den store terror’ leia av den 152 cm. høge Nikolaj Jezjov, ein mann som gjerne ville vise musklar. Han kom under mistanke, vart avløyst av Lavrentij Berija og drepen i 1940. Bøddelen Berija leia NKVD under ‘Den vesle terror’ og blei skoten same år som Stalin døydde. Men samane blei fortsatt handsama som spelebrikkar. Ein Lovozero-same sa det slik: - Vi kjende oss som i eit synkande skip med kaptein og mannskap sporløst forsvunne.

Dei to terrorbylgjene under Stalin set fortsatt sitt preg på samane i Russland.  

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse