Annonse
Pål Julius Skogholt er ordførerkandidat for SV i Tromsø. Foto: Yngve Olsen/Nordlys

Samarbeid til det beste for Tromsø

Tromsø treng parti som kan og vil samarbeide til det beste for kommunen. SV, Ap og Raudt har denne perioden vist vilje og evne til det. Samarbeid krev innsats, men media har ei ikkje ubetydeleg rolle i å sette tonen i den politiske debatten. Meir samarbeid blir det ikkje gjennom å sette merkelappar på enkelte parti.

Det er utruleg mykje vi treng å stå saman om i Tromsø. Vi skal få på plass ein jernbane, vi treng å samarbeide om ein byvekstavtale. Vi må vere i lag om å sikre store og viktige investeringar som E8 å vår region. Vi treng eit samarbeid om å utvide og styrke Nord-Noregs og Tromsøs rolle i den nasjonale debatten.

SV er klare til å delta i slike breie samarbeid. Så vil vi sjølvsagt ikkje alltid vere samde om alt. Då hadde det ikkje vore vits i politikk. Dei to viktigaste sakene for Noreg, er dei same som er viktigast for SV – rettferd og miljø. Vi kjem til å halde fram med å vere usamde i Tromsø både om privatisering og vektinga av miljø. Så lenge retninga er klar, meir miljø og meir rettferd er SV klar til å vere med på breie forlik.

Det viktigaste breie forliket i denne perioden var om byvekstavtalen. Ein avtale Tromsø sårt treng. Vi treng trygge skolevegar, betre famkomelegheit for bussen og mindre kø på vegane. Alle partia frå Raudt til Høgre var med på dette forliket, og alle måtet vi svelge kamelar for å få dette forliket på plass. Men var det «ekstrempartiet» som braut forliket, som braut samarbeidet? Nei, Høgre og Krf var dei første til å sette forliket i fare.

SV, Ap og Raudt har hatt eit godt samarbeid i fire år. Vi har stått saman om økonomien og dei viktigaste prioriteringane. Vi har hatt ein felles plan for omstillingane i helse og omsorg. Det har tidvis vore tøffe diskusjonar, men vi har funne saman. SV, Ap og Raudt kan samarbeide, vi kan finne løysningar til beste for innbyggarane i Tromsø.

Nordlys er i leiaren sin bekymra for den økonomiske ansvarlegheita i kommunen. Eg er ikkje bekymra for ansvarlegheita, men eg er sjølvsagt bekymra for økonomien. Å endre på dette er eit stort og dessverre langvarig omstillingsarbeid. Det er eit viktig arbeid som er avhengig av organisasjonsendringar og investeringar i bustader og institusjonar. Det ville vore økonomisk uansvarleg å gå til store kutt i denne fasa. Det betyr at økonomien vil halde fram med å vere vanskeleg i fleire år framover. Men med hardt og seigt arbeid frå alle ledd i kommunen så er eg sikker på at vi er på rett veg.

I SV i Tromsø set vi stor pris på at Raudt har peika på meg som ordførar. Men uansett er den viktigaste bindinga vi har til Raudt, den same som bindinga vi har til Ap. Den viktigaste bindinga er at vi har bygd tillit og respekt mellom SV, Ap og Raudt gjennom fire år med nært og godt samarbeid. Det er viktig grunnlag å bygge på i ei framtid der dette samarbeidet sannsynelegvis skal utvidast.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse