Annonse
Historia i Noreg og Kanada er ulik på fleire punkt, men det er nok fellestrekk til at vi meiner det er fornuftig å hente lærdom derifrå der det er muleg, skriver Elin Monstad og Aaron Spitzer om arbeidet til Sannhets- og forsoningskommisjonen. (Foto: UiB)

Sanning og forsoning i Noreg

Ein dramatisk prosess er i gang i nord. Sidan hausten 2018 har den norske Sannings- og forsoningskommisjonen arbeida med å granske fornorskingsprosessen mot samar, kvener og norskfinner i Noreg. Dette er overraskande lite kjent.

Argumenta for assimilering i Noreg og Kanada hadde mykje til felles.

Ein dramatisk bakgrunn

Fornorsking av samar var ein aktiv assimileringspolitikk som offisielt gjekk føre seg frå midten av 1800-talet og fram etter andre verdskrig, der formålet var å gjere samane så like andre nordmenn som muleg. Dette blei gjort på smertefullt vis, med store konsekvensar for den enkelte og heile samfunnet.

Den norske kommisjonen skal undersøke kva som hendte, kva virkninger det har hatt, og fremme forslag for forsoning mellom desse gruppene og resten av befolkninga. Inspirasjon er henta frå den kanadiske kommisjonen, som omtalte tilsvarande tema i Kanada og leverte sin endelege rapport for få år sidan. Likevel er den norske kommisjonen praktisk talt ukjent blant den jamne nordmann, medan den kanadiske var ein stor og svært synleg prosess som transformerte landet sitt forhold til sine eigne urfolk.

Historia i Noreg og Kanada er ulik på fleire punkt, men det er nok fellestrekk til at vi meiner det er fornuftig å hente lærdom derifrå der det er muleg.

Argumenta for assimilering i Noreg og Kanada hadde mykje til felles. Målet var å hjelpe urfolka så dei kunne klare seg i den moderne verda, gje utdanning, eit yrke og hjelpe dei ut av fattigdom - og i tillegg ut av ein bakstreversk kultur.

Spesielt kjent frå Kanada er internatskulesystemet for urfolksbarn, ei ordning som varte heilt fram til 1990-talet. Rundt 120.000 barn - heilt ned i fem år gamle - budde på desse no berykta skulane. Dei fekk ikkje snakke sitt eige språk, og dei blei lært ved vold å bli såkalt gode kanadiere. Sjølv om fleire av dei som dreiv skulane trudde det dei gjorde var godt, har skulane i ettertid først og fremst blitt kjent for å vere dårleg drivne, med for lite ressursar og mat til elevane, og mange tilfelle av seksuelt misbruk av barn i periodar på fleire år.

Tre ting å tenke over

Den kanadiske kommisjonen hadde ein svak start, og opplevde både å møte motstand og organisasjonsproblem. Kanada hadde ei rekke skuffande urfolksretta tiltak bak seg, der fleire rapporter hadde blitt laga berre for å ligge bortgjemt og ignorerte. Likevel ble sanningskommisjonen ein stor suksess. Vi meiner dette er på grunn av tre punkter, som den norske kommisjonen gjerne bør tenke over.

1. - Vær synleg. Den kanadiske kommisjonen sitt arbeid var synleg for alle - ofte smertefullt mye. Målet var å treffe både hjertet og hjernen til folket, slik at de skulle vite og forstå kva det var som hadde skjedd. Ei måte dei gjorde dette på var å la arbeidet foregå offentleg og synleg for alle. Dei var aktive i media, og hadde opne høyringar som blei sendt på tv landet over. Etterkvart som stadig fleire tusen fortalte historiene sine, blei det skapt ein bølge av menneske som delte sine erfaringar. For mange var det første gang dei hadde snakka om bakgrunnen sin i det heile tatt. Også kanadiere som tidlegare ikkje hadde tenkt dei hadde noko med denne delen av fortida å gjere måtte ta inn over seg kva det var som hadde skjedd og korleis det også hadde påverka dei sjølv.

2. - Ha heile samfunnet som publikum, ikkje berre samar, kvener og norskfinner. I Kanada snakka kommisjonen til alle, også dei utan urfolksbakgrunn. I tillegg til å samle historier skulle dei også sette det heile i system og lage ein rapport. Denne blei offentleggjort i 015, og inkluderte 94 forslag til utbetringar for framtida. Spesielt viktig var at desse ikkje berre var retta mot byråkratiet, men også mot sivilsamfunnet, media, arbeidslivet og alle kanadiere. Mange av desse har tatt til seg bodskapet, og arbeider for å oppfylle desse tilrådingane.

3 - Ver menneskeleg, ikkje eit fjernt byråkrati. Ein viktig grunn til at kommisjonen blei ein suksess i Kanada var at dei hadde ein leiar som var både dyktig og karismatisk, som gjorde dette viktigare enn berre ei anonym regjeringsutreing. Kommisjonsleiar Murray Sinclair, ein Ojibway-eldste, var allereie ein velrespektert jurist og første dommar med urfolksbakgrunn i Manitoba då han blei utnemnd til kommisjonsleiar. For han var dette meir enn berre ein jobb, det var ei dypt personleg reise. I løpet av arbeidet fant han sjølv ut at hans eigen far var ein av dei som hadde blitt misbrukt på internatskule - noko ingen hadde visst om fram til då. Han personifiserte kommisjonen, som Desmond Tutu i si tid gjorde i Sør-Afrika. Folk følte at om han kunne gjere det, så kunne dei òg.

Den norske kommisjonen er enno i startfasa, og det er for tidleg å spå kva resultatet blir. Sjølv om historia om fornorskinga ikkje er ukjent, er det enno mykje å gjere for å spre kunnskapen om det og å gjere det relevant for folk. Vi kjem med desse tre punkta som ei oppmuntring til ettertanke og diskusjon.

  • Artikkelforfatterne er stipendiater ved Instititt for sammenlignende politikk i Bergen

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse