Annonse
Regjeringa vil kome tilbake med vår vurdering av Klimakur seinare i år. Men nokre ting kan lesarane uansett vere trygge på: Regjeringa ønsker ikkje å legge distriktslandbruket aude, skriver Sveinung Rotevatn og Olaug V. Bollestad.

Senterpartiet bløffar om Klimakur

Senterpartiet brukar rapporten Klimakur 2030 til å teikne katastrofescenario for norsk distriktsjordbruk. Det er vel og bra å diskutere klima og jordbruk, men då bør ein ta utgangspunkt i regjeringa sin faktisk vedtekne politikk.

Sekretariatet i Senterpartiet si stortingsgruppe har rekna på kor mange færre husdyr tiltaka som er foreslått i Klimakur 2030 kan medføre for einskilde kommunar og regionar.

La oss starte med det første problemet: Klimakur er ikkje regjeringa sin vedtekne klimapolitikk. Den er eit faglig innspel frå ulike etater, ikkje til kva politikk regjeringa bør føre, men til kva tiltak som er moglege å gjennomføre for å nå klimamåla i alle sektorar. Rapporten er no på høyring, og i løpet av året skal regjeringa ta stilling til dei ulike tiltaka og avgjere kva politikk vi vil tilrå å følgje opp.

Leiaren i Oppland Bondelag Kristina Hegge sa det i grunn ganske presist i Oppland Arbeiderblad 29. februar: “Det er viktig å ha i hodet at dette ikke er noen fasit. «Klimakur 2030» er en type kunnskapsdeling som både er på høring og som skal behandles politisk.” Det var klokt og sindig formulert, og burde vere til inspirasjon for Senterpartiet.

Vi er glade for at norske bønder er meir framoverlente enn Sp når det gjeld å bidra til å løyse klimautfordringene våre. Klimaendringar er eit alvorleg trugsmål for mattryggleik, menneske og natur. Få sektorar kjenner dette på kroppen meir enn bøndene sjølv. Difor går norsk jordbruk sjølv foran, og har underteikna ein klimaavtale med staten om å redusere sine utslepp med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar over perioden 2021-2030. Med intensjonsavtalen er næringa og staten medspelarar i kampen for reduserte utslepp og auka opptak av karbon. Vi veit det blir jobba aktivt i næringa med å møte klimautfordringane. Dette treng slett ikkje å gå på kostnad av verken talet på bønder eller samla norsk matproduksjon, det avgjerande er å ta i bruk kloke grep og investere framtidsretta og klimavenleg.

Regjeringa vil kome tilbake med vår vurdering av Klimakur seinare i år. Men nokre ting kan lesarane uansett vere trygge på: Regjeringa ønsker ikkje å legge distriktslandbruket aude. Vi har viktige politiske målsetjingar som mattryggleik, landbruk i heile landet, auka verdiskaping og eit berekraftig landbruk. Desse målsetjingane ser vi fram imot å jobbe saman med næringa for å oppnå, samstundes som vi reduserer klimagassutsleppa i tråd med landbruket sine eigne klimamål.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse