JERNBANE-FORKJEMPER: Meyer Foshaug (1868 – 1955) var stortingsmann fra Målselv og formann i Stortingets jernbanekomité. Foto: Scanpix/Wikipedia

Skriket frå Nord-Norge - og tausheita etterpå

Nordlys og Fremover sine artiklar på leiarplass gjorde dei 70 år gamle utsegnene til Meyer Foshaug brått dagsaktuelle.

Når Agenda Nord-Norge vil løfte fram nordnorsk samarbeid (iflg. Roger Ingerigtsen, Nordlys 20. august), ventar vi at konklusjonen blir: Om stambanekravet står Nord-Norge samla.

Utanfor kommunehuset i Målselv er det reist ein bauta med teksten: Meyer Foshaug – stortingsmann 1903 – 1945. Denne mannen finn vi att i boka “Stambanen gjennom Nord-Norge (utgjeven i 1949 av Nordland fylkes jernbanekomite og Troms jernbanekomite):

Meyer Foshaug deltok på det svære jernbanemøtet i Narvik 20. oktober 1946, der 94 ordførarar frå heile landsdelen nord for Bodø var samla ilag med representantar for begge dei to jernbanekomiteane, næringslivet, humanitære organisasjonar og frå sivil og militær administrasjon. Målsettinga var å oppnå eit samla krav om fullføring av stambanen gjennom  Nord-Norge.

Som tidlegare formann i stortingets jernbanekomite og som mangeårig stortingsmann uttalte Meyer Foshaug på dette møtet m.a: “—— at det for ham som hadde hatt befatning med kommunikasjonsplaner fra 1903, var det interessant å komme sammen med dem som hadde med disse planer å gjøre nå —— Når en hadde kjempet for Nord-Norges interesser, var det der nede alltid blitt møtt med betegnelsen skrik fra Nord-Norge —— Det er jo forståelig at Sørlandet, Vestlandet og Nordland tenkte på sie egne i første rekke. Da må det også være tilgivelig at de som  bor i utkanten av landet, tenkte på den landsdel de representerte ——“

Konklusjonen på møtet var: Om stambanekravet står Nord-Norge samla. Fire år seinare blei optimismen knust av fleirtalet i Iversenutvalget som foretrakk asfalt framfor skinner i nord. “Skriket frå Nord-Norge” stilna enda ein gong.

Nordlys og Fremover sine artiklar på leiarplass 16. og 18. august med tittelen “Nord-Norge helt glemt” gjorde dei 70 år gamle utsegnene til Meyer Foshaug brått dagsaktuelle. Artiklane hudflettar innhaldet i Nasjonal jernbaneallianse – ei uttaling sendt til samferdselsdepartementet for neste Nasjonal Transportplan. Der er Nord-Norge sine jernbanebehov totalt fråverande. Der godtek dei nordnorske representantane frå LO, NHO og arbeidsgiverforeninga Spekter stilltiande desse unnlatelsessyndene. Midt i skuffelsen er det godt å lese fritt-talande leiarartiklar som er indignerte på vegne av sin landsdel.

Hersketeknikken med å kalle høgst rimelege jernbanekrav “skrik frå Nord-Norge” må straks avlivast slik at frykt og rungande tausheit ikkje skal slå rot. Det er på høg tid å “skrike” på ny – så kraftig at dei som, på alle nivå, representerer denne landsdelen, vaknar og “skrik” ilag med oss alle. Og lar såkalla risikovurdering fare.

Når Agenda Nord-Norge vil løfte fram nordnorsk samarbeid (iflg. Roger Ingerigtsen, Nordlys 20. august), ventar vi at konklusjonen blir: Om stambanekravet står Nord-Norge samla.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse