Det er på tide å sei opp EØS-avtalen og revitalisera folkestyret. Verken Støre eller Solberg er verdige til å væra med på denne prosessen, skriver Olav Flaate. Foto: Scanpix

Solberg og Støre: «Alt for EU og multinasjonale konsern»

Denne arrogante haldninga ovanfor fleirtalet av det norske folk stemplar dei begge som EU sine representantar i Storting og regjering - og ikkje som tillitsvalde for det norske folk.

Politikarane både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå er folket sine tillitsvalde representantar. Sjølvom partia har ulike program, er det viktig at dei har open og respektful dialog med veljarane, folket.

I eit demokrati, merkelappen me likar å feste på Noreg, står det i Grunnlova frå Eidsvoll i 1814 i § 49 : “Folket udøver den lovgivende Makt ved Storthinget.”

I den lovboka, som burde væra heilag for politikarane i dette landet, står det at det er folket ved våre tillitsvalde på Stortinget som skal laga dei nødvendige lovene  for å byggja og tryggja landet på demokratisk vis. Slik får me ei folkestyrt utvikling av kongeriket Noreg.

I 1972 og i 1994 var det folkerøystingar for eller mot medlemsskap i EF/EU. Begge gongene sa fleirtalet av det norske folk Nei til EU-medlemsskap.

Dette passa svært dårleg for statsministeren og EU tilhengjaren, Gro Harlem Brundtland. På førehand hadde ho proklamert at eit NEI – fleirtal ville føra til eit tap av 100 000 arbeidsplassar. (Det var det motsette som skjedde)

Men statsminister Brundtland saman med sekretæren sin, Jonas Gahr Støre, ville knyta Noreg tettast mogeleg opp til EU trass i Nei frå folket. Sjølv om Noreg på det tidspunktet  hadde ein tosidig Handelsavtale med EU ( utan direktiv), fekk dei utmeisla EØS-avtalen med EU, der Noreg måtte forplikta seg til å underkasta seg direktiva frå EU og innlemma dei i det norske lovverket.

EØS-avtalen med fri flyt av varer, tenester, kapital og folk innleier ei ny styringsform for landet vårt. Offentlege etatar får brott mykje arbeid med å setje seg inn i og passa på at alt arbeid, investering og innkjøp er i samsvar med EØS-regelverket. Direktiv frå EU istadenfor lover frå Stortinget bestemmer frå no av retninga for samfunnsutviklinga i Noreg.

Ikkje berre det at dei nye lovene kjem frå Brüssel, men dei har og forrang framfor eksisterande norske lover når det er avvikande bestemmelsar.

EØS-avtalen er skreddarsydd næringslivet både multinasjonale konsern og andre verksemder. Det «gamle» overordna folkestyrte samkvemmet mellom Noreg og EU er erstatta av ei upersonleg marknadsstyring og mest mogeleg privatisering av offentlege verksemder. Såleis vert langsiktig samfunnsplanlegging erstatta av kortsiktig jakt på mest mogeleg profitt.

Både Jonas Gahr Støre og Erna Solberg seier at EØS-avtalen tener Noreg godt trass i overgangen frå folkestyre til marknadsstyre.

Men kva skjer? Det norske folk får det eine sjokket etter det andre. Brüssel bestemmer at det ikkje er lov for norske styresmakter å gi økonomisk stønad til verksemder som slit for å få seg på fote. Det er og ulovleg å ha billegare offentlege treningstilbod i kommnale institusjonar enn det kostar på private treningssenter. Overvakingsorganet ESA ,»storebror» passar på at ikkje norske styresmakter legg til rette for rimelege fellesskapsløysingar.

Slagordet for EU er konkurranse, konkurranse – vinn eller forsvinn.

I eit folkestyre/demokrati skal nasjonalforsamling og regjering gjera bruk av både landet sine naturressursar og kunnskapar for samfunnsbyggjande verksemd , som er til det beste for fellesskapet, oss alle.

Jonas Gahr Støre og Erna Solberg derimot ynskjer begge at marknaden skal styre og respekterer ikkje folkerøystinga om norsk medlemsskap i 1972 og 1994.

Denne arrogante haldninga ovanfor fleirtalet av det norske folk stemplar dei begge som EU sine representantar i Storting og regjering - og ikkje som tillitsvalde for det norske folk.

Dei to største partia på Stortinget, med Jonas Gahr Støre og Erna Solberg og saman med tilstrekkeleg stemmer i nasjonalforsamlinga, vår fekk fleirtal for å overføra det norske Finanstilsynet frå Noreg til den europeiske sentralbanken i Frankfurt. Kvifor? Kvifor ?

Dette er noko som er ei oppgåve for norske styresmakter og eit klårt brot på Grunnlova frå 1814.

Lovbrot fører ofte til ei eller anna form for straff  og å gi bort noko av Noreg sin suverenitet over hovudet på det norske folk burde føra til ein eller annan form for sanksjon.

Ei like graverande handling skjedde då eit fleirtal på Stortinget, saman med Støre og Solberg, overførte regulerings- og kontrollmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACEREU sitt energibyrå.

Arvesølvet, det som var med på å ta Noreg ut av fattigdom til velstand, var «sosialdemokraten» Jonas Gahr Støre  med på å gi bort til EU trass i store protestar frå meir vidsynte 120 Ap-ordførarar og store delar av fagrørsla. Arrogansen og respektløysa er stor.

Rett nok stilla han og Espen Barth Eide 7-8 krav for å stemme ja til overføringa. Men etter fråsegn frå utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide er desse vilkåra ikkje juridisk bindande for EU.

Etter denne kunngjeringa har Støre og Barth Eide vore tause. Ting skal tiast i hel.

Sjølvsagt var denne suverenitetsavståinga og eit grovt brot på den norske Grunnlova. Det er eit tankekors at våre såkalla tillitsvalde synest å ikkje kjenna til det lovverket som set rammeverket for den jobben dei skal gjera.

Men kanskje det ikkje er så viktig, for det er direktiva frå Brüssel, som er «grunnlova» deira , og dei har likevel forrang framfor den norske Grunnlova.

Både Støre og Solberg synest å etterleva spare-effektiviserings- og konkurransepolitikken frå EU.

I rike Noreg er det blitt meir og meir privatisering av offentlege verksemder som ; skular, barnehagar, pleieheimar og andre helseinstitusjonar. Når til og med det norske Forsvaret vil redusera talet på helikopter til tre på Bardufoss og overføra resten til Rygge – og i eventuelle krisetilfelle leige inn private helikopter, må ein spørja om det er viktigare for Støre og Solberg å leggja til rette for maksimal profitt for private foretak enn Tryggleik og og velferd for folk flest?

I Budsjettet for 2019 vert det lagt opp til at  einskildmenneska som slit både økonomisk og helsemessig skal få redusert stønadane sine i 2019.

Både Solberg og Støre ynskjer å styre landet som om det var ei verksemd som skal gå med overskot, heilt i samsvar med EØS-modellen.

Dei veit godt begge to at eit land er som eit forvaltningsselskap der dei styrande skal forvalta og bruka nasjonalinntekta, skattar og avgifter til samfunnsbyggjing og tenesteyting for oss alle.

Verken skattelette eller overdreven bruk av avgifter høyrer heime i forvaltningsselskapet Noreg. Som borgarar har me plikt til å betala skatt til fellesskapet medan avgifter, som bomavgifter, er med på å auke ulikskapane  i samfunnet.

Det vert dyrare for Per med ei årsinntekt på kr. 350 000 å betala ei avgift på kr. 200,- , enn for Kari, som tener 750 000 i året.

Som forvaltarar av store norske natur og kunnskapsressursar har de, Jonas Gahr Støre og Erna Solberg, mange omsyn å ta for at desse verdiane skal koma det norske folk og landet til gode.

Som tilhengjarar av EU-medlemsskap og EØS-avtale godtar de fri flyt av varer, tenester, kapital og menneske. De godtar og EU sine krav til anbod i offentleg sektor, innsparingar på velferdsytingar og privatisering av offentlege verksemder. Alt for å tekkjast næringslivet.

Fri flyt politikken til EU har skapt mykje uro for arbeidsliv og samfunnsliv. Likevel seier de at EØS-avtalen tener oss godt.

Korleis kan ein ha tillit til folkevalde som erstattar folkestyre med marknadsstyre?

Klorleis kan ein ha tillit til folkevalde som ikkje respekterer nei-fleirtalet i to folkerøystingar?

Det norske folk treng politikarar som seier «Alt for Noreg og det norske folk» istadenfor «Alt for EU og multinasjonale konsern».

Det er på tide å sei opp EØS-avtalen og revitalisera folkestyret. Verken Støre eller Solberg er verdige til å væra med på denne prosessen.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse