Annonse
Vakkert ved og på fjorden om sommeren.

Solbergfjord

Når veret vent seg lagar, med sjøen blank og still, og utferdstrang meg plagar, då veit eg kva eg vil.

Solbergfjord

 

Av alle gode minne

ifrå mi tid her nord,

er dei eg tidt har inne:

Ei ferd på Solbergfjord.

 

Når veret vent seg lagar

med sjøen blank og still,

og utferdstrang meg plagar,

  då veit eg kva eg vil.

 

Eg vil til Solbergfjorden.

I bil av stad det ber

til vika og til voren,

for båten min er der.

 

Eg har det rette drivet,

og stemner ut frå land.

No vil eg nyte livet

som eg no best det kan.

 

Eg ter meg som ein unge

i gamle båten min.

Og alt det leie, tunge

med juksa ut forsvinn.

 

For eg har berr`ein tanke:

Skal tru om fisken bit?

Eg kjenner hjarte banke,

på tofta der eg sit.

 

Og av og til det hender

at lukka står meg bi,

og fisk på kroken renner.

Og gløymd er stad og tid.

 

Og medan eg no strever

med fiskefangst ei ri,

då titt eg auga hever

 mot gamle bygda mi.

 

Eg ser dei kjære bakkar,

eg ser den lange strand,

eg glad Vårherre takkar

for dette vakre land.

 

Ja, kom bli med på turen

til beste stad her nord,

bli med meg i naturen,

bli med til Solbergfjord!

 

Fridtjof Eriksen

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse