Annonse

Stat og kyrkje skil lag

Årets kyrkjemøte som nyleg er avslutta i Trondheim, er historisk - av fleire grunner. Det gjeld sjølvsagt vedtaket om å innføre vigselsliturgi for likekjønna, ein viktig milestolpe i Den norske kyrka si historie. Men kyrkjemøtet er òg historisk fordi det er det siste under statskyrkjeordninga.

For den vanlege kyrkjemedlem vil opphevinga av statskyrkjeordninga innebere minimale endringar.

Til neste år skjer det formelle skiljet mellom stat og kyrkje i Noreg. Frå 1. januar 2017 vil det bli sett i verk ei såkalla verksemdoverdraging som inneber etableringa av kyrkja som eit nasjonal rettssubjekt, mellom anna med arbeidsgjevaransvar for prestar og andre tilsette. Men først må stortingspolitikarane gjere sin del: å vedta dei naudsynte endringane i kyrkjelova som mogleggjer omdanninga av Den norske kyrkja til eige rettssubjekt. Vidare må ei ny kyrkjeordning på plass. Kyrkjemøtet vedtok å halde fram arbeidet med ei framtidig kyrkjeordning som kan erstatte den noverande lovreguleringa av korleis kyrkja er organisert. Vi må attende til reformasjonen på 1500-talet for å finne ei tilsvarande stor endring som den som vil skje frå nyttår 2017.

Kva vil oppløysinga av statskyrkjeordninga innebere for folk flest? Både kyrkja og politikarane er opptekne av å streke under at sjølv om det skjer eit skilje mellom stat og kyrkje, så skjer det ikkje eit skilje mellom kyrkja og folket. Den norske kyrkja skal framleis vere ei folkekyrkje. Slik blir kontinuiteten streka under. For den vanlege kyrkjemedlem vil opphevinga av statskyrkjeordninga innebere minimale endringar. Det er den same kyrkja som bli ført vidare, sjølv om relasjonen til staten blir endra. Kyrkja med gudstenester og kyrkjelege handlingar og ulike andre typar aktivitet vil vere til stades i lokalsamfunna som før. I kyrkjelova, som Stortinget skal vedtak, blir det slått fast at det skal vere prest i kvart sokn. Som folkekyrkje vil Den norske kyrkja halde fram med å vere landsdekkjande. 

Kontinuiteten er ikkje minst til stades i finansieringsordninga. Den offentlige finansieringa av kyrkja held fram som før med løyving over statsbudsjettet og kommunebudsjetta. Politikarane har forplikta seg på at dei økonomiske løyvinga til kyrkja skal vere på same nivå som i dag. Vi får ingen medlemsavgift eller særskilt kyrkjeskatt. Med omsyn til finansieringsordninga kan ein lagt på veg seie at statskyrkjeordninga held fram.

Finansieringa av Den norske kyrkja har politikarane forplikta seg på gjennom grunnlovsendringane i 2012. ”Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten”, heiter det i § 16 i Grunnlova. Dette krev òg noko av kyrkja. Det er som folkekyrkje staten vil stø Den norske kyrkja økonomisk. Også i framtida må kyrkja stå fram som ei folkekyrkje – og ikkje berre som ei kyrkje for den aktive minoriteten av kyrkjemedlemmane. 

Både finansieringa og grunnlovsforankringa uttrykkjer Den norske kyrkjas særstilling samanlikna med andre trus- og livssynssamfunn i det norske samfunnet. Denne særstillinga har både historiske og aktuelle grunnar. Den norske kyrkja med ein oppslutnad på 74 % av det norske folket representerer dei lange linjene i vår religiøse og kulturelle historie. I kraft av dette vil ho framleis ha fellesskapsoppgåver som andre trussamfunn ikkje har.

Sjølv om folk flest ikkje vil merke myke til endringa av relasjonen mellom stat og kyrkje, så vil det naturleg nok skje endringar internt som følgje av dette, til dømes for tilsette knytt til arbeidsgjevarspørsmål som pensjon og liknande. Den norske kyrkja vil stå friare til sjølv å finne sin veg i eit fleirkulturelt og religionspluralistisk samfunn og gjere sine eigne prioriteringar for å kunne møte framtida som ei open og inkluderande folkekyrkje.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse