Nedbygginga av Heimevernet og nedlegginga av Sjøheimevernet er historielaust. I ei uroleg tid burde den nasjonale beredskapen aukast, ikkje brytast ned, skriver Liv Signe Navarsete. Foto: Mikkel Strøm,.Forsvaret

Stopp nedrivinga av Heimevernet!

I ei uroleg tid burde den nasjonale beredskapen aukast, ikkje brytast ned.

Måndag skal Stortinget røysta over følgjande forslag frå Senterpartiet: «Stortinget ber regjeringa stanse alle pågåande nedskjeringsprosessar i Heimevernet, inkludert Sjøheimevernet, inntil landmaktutgreiinga er handsama på Stortinget».

Høgre og Frp- regjeringa ynskjer å redusere Heimevernet med 7000 soldatar. Samstundes ynskjer dei å leggje ned Sjøheimevernet. Dette er eit paradoks. Før valet i 2013 ynskte Høgre eit styrka Heimevern og ei «massiv auke» i landmilitær evne. No gjer Høgre og Frp det stikk motsette. 

Noreg treng eit forsvar som set oss i stand til å takle eit breitt spekter at trugsmål. Om me  skulle stå ovanfor omfattande terroråtak, press mot norsk grense, infrastruktur eller sentrale nasjonale institusjonar, eller i verste fall invasjon, må me ha folk over heile Noreg som er viljuge til å slåss for landet vårt og tryggje lokalsamfunnet sitt. 

Regjeringa har alt gjennom dan såkalla “nærpolitireforma” sentralisert og svekka politiet i store deler av Noreg, mellom anna ved å leggje ned 126 lensmannskontor. På mindre  stader i landet er det no knapt att politi som kan sikre tryggleiken til folk. 

Nedbygginga av Heimevernet og nedlegginga av Sjøheimevernet er historielaust. I ei uroleg tid burde den nasjonale beredskapen aukast, ikkje brytast ned. Eg oppmodar deg til å ta kontakt med stortingsrepresentantane frå ditt fylke, og be han eller ho om å røyste for Senterpartiet sitt forslag om å stanse nedbygginga av Heimevernet snarast råd.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse