Arctic Race kan omdøpas til Arctic Salmon; i år sykla vinnaren for laksetrøya. Foto: Geir Håvard Hansen

Det store narrespelet

Pangstart! leste vi etter at fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP) nyleg delte ut 2,7 milliardar kroner frå Havbruksfondet til oppdrettskommunar og -fylke. Lakseoppdrettarane har kasta seg over sykkelsporten i propagandakampen.

Per Sandberg agerte julenisse då han 15. desember i fjor delte ut 60 millionar kroner til oppdrettskommunar og -fylke. Det var fyrste gong det kom pengar frå det nyoppretta Havbruksfondet. Fiskeriministeren frå Skogn var riktig frisk i blikket då han lovte meir pengar berre nye område vert lagt ut til oppdrettsføretaka.

Etter Sandberg si amorøse reise til Iran, har Harald Tom Nesvik frå Ålesund teke over. Han, med karriere i oppdrett, la verkeleg breisida til då han delte ut meir frå honningkrukka: 2 362 574 kroner til kommunane og 293 762 kroner til fylka. Pengane skulle synleggjera at oppdrettsnæringa gjev noka att til lausslupne politikarar. Ny premiering kjem straks nye havområde vert opna. Regjeringa vil som kjent femdobla oppdrettsvolumet fram til 2050.

Småpengar kan gleda den fattige, men også oppmuntra den rike som aldri får nok. Dei fleste kystkommunane som i fjor mottok stønad, har slite med vaklande økonomi. Oppdrettsnæringa slit med omdømet, og byggjer goodwill gjennom sport og spel. Under Arctic Race of Norway som oppdrettarane sponsa, kunnne vi på veg mot Hatter sjå reklamen “Laksen er viktig for Norge”. Arctic Race kan omdøpas til Arctic Salmon; i år sykla vinnaren for laksetrøya. I 2016 kunne vinnaren av 3. etappe, Gianni Moscon (1994) dra heim med 500 kg. oppdrettslaks. Kan italienaren ha forete seg? Han blei under årets Tour de France kasta ut av rittet etter den 15. etappen sidan han slo til ein konkurrent.

Laksemilliardærane har sikra seg propagandistar, og Bjørn-Erik Stabell frå Norges Sjømatråd sa det slik: “Verdens tøffeste sykkelløpere skal snart vera med på lakselaget”. Men fleire av toppsyklistane som har delteke i lakserittet, kom ikkje i år. Er dei vorte medvitne av kva oppdrettsnæringa står for av økologiske skadar og sjukdom? Parasittsjukdomar som lakselus, bendelmark og gjellelus, virussjukdomar i skjoldbrukskjertel (PD), hjarte- og skjelettmuskelsvik (HSMB) og infeksiøs lakseanami (ILA) samt bakteriar som m.a. medførar furunkulose. Forureininga av mikro- og nanoplast er ei sak for seg. Sjømatrådet er i feststemning: “Da laksen rullet langs landeveien, lot Nord-Norge seg nok en gang begeistre.” (iLaks)

Nordkapp kommune er eit illustrerande døme på kva svak økonomi i kombinasjon med føyeleg leiing kan få for effekt. Alt på 1970-talet starta Harald Volden opp med lakseoppdrett på Skipsfjorden. Intensjonen var god. Lokale føretak skulle styrka låge kommunale inntekter frå tradisjonelt fiske. “For å hindre at fiskeoppdrett skulle bli stordrift, og for å sikre at det blir et gunstig redskap i distriktsutbyggingen, fikk vi i 1973 en lov som sier at en må ha konsesjon for å drive fiskeoppdrett.” Storleiken på føretaka vart avgrensa. 50-80 tonn laks eller aure blei rekna som rimeleg produkjon pr. år. (Kjelde: Oppdrett av laks og aure. Norges Landbruksvitenskaplige forskningsråd. Landbruksforlaget 1981).

Lokale fiskarar som hyttebuarar har seinast i sumar fortalt om ein fjord som slett ikkje har retta seg opp.

Etter kvart som spelet tok av, auka oppdrettsvoluma valdsamt. Marine Harvest, med eigar John Fredriksen på Kypros, slaktar no 400 000 tonn laks i året. Mykje av inntektene herfrå går ut av landet, men noko vert sjølsagt att lokalt. Marine Harvest kunne for nokre år sidan spandera vel 700 000 kroner på idrottslaget i Burfjord, neppe meir enn ein promille av omsetninga frå merdene i fjorden. Lokale fiskarar fortel at indre Kvænangen er fri for villfisk, men at ein kan få pelletssei og -torsk nær merdene.

Marine Harvest er det desidert største oppdrettsfirmaet i verda; i 2016 solgte det laks for 27,9 milliardar kroner. Fem av dei seks største oppdrettsselskapa er norske. Nr. 2 er Lerøy i Bergen, nr. 3 er Cermaq eigd av Mitsubishi i Tokyo, nr. 4 er SalMar i Trondheim og nr. 6 Grieg Seafood også Bergen. No siklar GS etter nye areal etter kvart som velnytta område er forureina. Lafjorden i Nordkapp var ein framifrå gyte- og villfiskfjord, men framferda til GS etterlet eit forpesta basseng. Det kan stinka frå fjøra om sumaren. Selskapet styrt av Per Grieg jr., håvar inn millionar om året. Den lokalt samfunnsansvarlege svarar korkje på spørsmål eller innvendingar.

Etter at Nordkapp kommune brått opna Vedbotn ute i Porsangerfjorden for GS, skapte det reaksjonar i Porsanger kommune. Den vart ikkje informert eller teke med på råd. Det skal stå ein million oppdrettslaks her, og sidan mange kan røma, fryktar Porsanger kommune for villaksen og auren i  Børselva, Stabburselva og Lakselva. Etter at Havbruksfondet skjenka 13,8 mill. kroner til Nordkapp for naturgåvene, har ordførar Aina Borch (Ap) teke ordet nok ein gong, med adresse kollega Kristina Hansen (Ap): “Porsanger lar seg ikke kjøpe. (…)Vi sitter med risikoen for rømming og genetisk blanding i villaksen vår, og Porsanger kommune burde få kompensasjon.” Kommunen fekk ikkje ei krone av Havbruksfondet. (Ságat 13/9)

Dei store taparane i spelet er likevel dei komande generasjonane. Ein tidlegare NRK-journalist kommenterar det heile lakonisk: “Kvifor skal eg bry meg om komande generasjonar? Kva kan dei gjera for meg?”

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse