Annonse
Foto: Lina Livsdatter

Styrk kulturtilbodet til barn og unge!

SV arbeider jamt og trutt for at prisane på kulturskulen ikkje skal hindre nokon i å kunne delta, og å utvide ordningar som gjev ungar frå låginntekstfamiliar tilgang til kulturtilbod på lik line med andre ungar.

Å uttrykke seg gjennom musikk, dans, teater og annan type kunstnarlege uttrykk er noko av det som kjenneteiknar mennesket som art. Det er ikkje glasuren på vår mangfaldige eksistens, eller eit overskottsprodukt – det er med oss i alle fasar og i alle situasjonar av livet, og i vår felles historie. Når ein ser kring seg og tenkjer litt på det, slær det imot ein frå alle kantar. Det er ikkje alltid ord strekker til, og derfor har me og treng me andre måtar å uttrykke oss på.

Derfor er det utruleg viktig at me legg opp til at barn og unge får eit variert kulturtilbod. Tilbod der dei får prøve seg på ulike ting, vera nysgjerrige og kreative. Det gjev gode opplevingar der og då, men det gjev òg erfaringar dei tek med seg inn i vaksenlivet.

SV arbeider jamt og trutt for at prisane på kulturskulen ikkje skal hindre nokon i å kunne delta, og å utvide ordningar som gjev ungar frå låginntekstfamiliar tilgang til kulturtilbod på lik line med andre ungar. Vidare vil me at kulturskulen skal ha tilbod i alle bydelar og bygder i kommunen. SV vil òg innføre det me har kalla Tromsø-timen – ein skuletime ekstra i veka knytt til praktiske og estetiske fag.

Kunst og kultur er ein så grunnleggande del av det å vera menneske at det å ha tilgang til gode kulturtilbod er altfor viktig til at foreldres lommebok og val av stad å bu skal avgjera barn og unges tilgang til slike tilbod.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse