Annonse
Foto: Nordlys arkiv

Svarte og grønne klimaprofitørar

Det største hinderet for å få oppslutning om nødvendige klimatiltak i dag er faktisk ikkje dei svarte, men dei grøne klimaprofitørane.

Dei fleste av oss er overbeviste om at menneska si forbrenning av fossile brennstoff bidrar kraftig til oppvarming og øydelegging av livsmiljøet vårt, og at vi må gjøre drastiske tiltak for å stoppe dette. Likevel er det eit betydelig mindretal som ikkje er med på dette. Dei såkalla klimaskeptikarane eller klimarealistane gir seg ikkje og synest å få stadig meir vind i segla. Kvifor? Her finst det fleire moglege forklaringar:

1. Dei kan ha rett, heile klimahysteriet er eit oppspinn. Eg ser det alternativet som tilstrekkelig motbevist og skal ikkje bruke plassen på det her.

2. Mange tenker ikkje så langt, når det blir kaldt vær nokre dagar trur dei det motbeviser den globale oppvarminga.

3. Den viktigaste årsaka trur eg likevel er: Klimaprofitørane. Av dei er det to typer:

A. Dei svarte:

Dei profiterer på klimaøydeleggingar, som utvinning og forbrenning av olje, gass og kol. Om vi avviklar fossile brennstoff vil heile grunnlaget for rikdomen deira forsvinne. Dette gjør at dei av sine enorme profittar set av store pengesummar til å «avsløre klimahysteriet». Dei engasjerer tusener av konsulentar, forskarar osv. til å spreie den glade bodskapen at det ikkje er nokon fare, vi skal bare brenne vidare. Dei har tre variantar:
– det skjer ikkje noka global oppvarming
– det skjer ei global oppvarming, men denne er ikkje menneskeskapt
– det skjer ei global menneskeskapt oppvarming, men det er bare bra, for da veks plantene betre og Sibir kan dyrkast opp.
Desse variantane er sjølvsagt innbyrdes motstridande, men det spelar ingen rolle, da dei alle tener same hensikten.
Desse klimaprofitørane er nokre gongar svært lette å avsløre, som når kol- og oljeselskap i USA og Australia set pengar direkte inn i propagandaen, andre gongar er det langt meir indirekte.

B. Dei grøne:

Dei profitterer på tiltak som trengst for å stoppe klimaendringane, eller på tiltak som kan grunngiast med dette. Her finn vi bl.a. alle ledd i utviklinga av anlegg for vindkraft, solkraft, kjernekraft og elektriske kjøretøy. Eit kvart mineral som trengst i produksjonen av desse «grøne» tiltaka, blir dermed sjølv grønt, og straks er heile mineralnæringa grønvaska. Til desse klimaprofitørane hører ei mengde konsulentar, propagandistar og «miljøstiftelser» betalt av dei «grøne» industriane.

Desse klimaprofittørane skapar også klimafornektarar. Rett og slett fordi det er så opplagt at motivasjon deira ikkje er å gjøre ein innsats for klimaet, men å tjene penger til seg sjølv. Mest avslørande her er at fleire av dei som satsar på vindkraft og elbilar samtidig tener på fossil forbrenning. Oljeselskap bygger vindkraft for å ha fleire bein å stå på og for å kunne grønvaske heile verksemda si. Tilsvarande med bilfabrikkar. Store naturområde og bruksområde for andre næringar blir rasert i namnet til «det grøne skiftet», mens vindkraftspekulantane tener milliardar på å selje konsesjonar til utanlandske selskap.

Dei svarte og grønne klimaprofittørane er tilsynelatande usamde i klimaspørsmålet, men dei er samde om at forbruket og sløseriet må auke, jo meir vi forbrukar, jo meir tener dei. Dei to typane av klimaprofittørar bidra på kvar sin måte til å svekke oppslutninga om nødvendige klimatiltak.

Klima har no blitt eit påskot for mange kapitalistar og politikarane deira til å gjennomføre den politikken dei uansett hadde ønska, slik som at dei norske elbilsubsidiane er ei gigantisk overføring frå skattebetalarar til dei rike som har råd til ein Tesla som ekstrabil. Med det grøne skiftet som påskot kan dei sette i gang gruvedrift og vindkraft i reinbeiteområde og slik bruke dette til å ta knekken på reindrifta og fullføre fornorskinga av samane. Det grøne skiftet blir brukt som påskot for å godta gruveforureining i strid med norsk og internasjonal lov. Vi må jo alle ofre noko for klimaet, seier dei som tener «grøne» milliardar. Ingen ofrar, men nokre blir ofra.

Er det rart at mange trur at heile klimakrisa er ein svindel? Klimakrisa er reell, men mange av tiltaka som blir servert er ikkje anna enn svindel. Får vi ikkje stoppa denne, får vi heller ikkje gjort noko reelt for klimaet. Det største hinderet for å få oppslutning om nødvendige klimatiltak i dag er faktisk ikkje dei svarte, men dei grøne klimaprofitørane.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse