Annonse
Avkolonialisering må byggja på sterke regionale institusjonar og ikkje på ein miks av eit uttal kommunale interesser. Derfor er debattane om utviklinga rundt FeFo interessante, og denne er utfordrande no, skriver Sveinung Eikeland. (Foto: Tor Kjetil Kristoffersen)

Sviktar FeFo Finnmark?

«Nordlys» held på leiarplass veslejulafta dommedag over Finnmarkseigedommen (FeFo). Leiaren skuldar FeFo, skapt rundt 2005 gjennom det fremste regionpolitiske entreprenørskap i Finnmark på generasjonar, for å svika sitt samfunn.

Gjennom FeFo klarte ein i 2004/2005 å skapa ein regionbasert politisk allianse mellom Finnmarks tradisjonelle regionale interesser og den nye samepolitikken. Den siste basert på utviklinga i urfolksretten etter Altaaksjonen. Justisminister Odd Einar Dørum var viktig, minst like viktig var Finnmark Arbeidarparti i sluttfasen av utforminga av Finnmarkslova. Det er mye meir sørgjeleg å sjå korleis andre enn FeFo har forvalta denne arven, særleg dei siste åra.

FeFo har slite med legitimiteten. Dette er også målt og stadfesta av forskarar i 2015, som «Nordlys» viser til. Den forskinga viser at det var tre av dei undersøkte institusjonane som slit med legitimiteten i Finnmark, særleg samanlikna med kommunar og stat. Det var Sametinget, FeFo og Finnmark fylkeskommune. Dei har det til felles at dei styrer med utgangspunkt i makt gitt frå staten. Motsett: Dei som kjem godt ut var stat og kommunar. Dette viser framfor alt at det er ikkje noe grunnlag i opinionen i Finnmark for regionaliseringar eller for å svekka staten. Motstanden mot regionreforma er basert på ei lengt tilbake til den gamle staten, der ein blei høyrt viss ein ropte høgt nok. Gløymt er at staten i dag framfor alt er direktorat og føretak som ikkje høyrer. Entreprenørskapet for femten år sidan kunne såleis vanskeleg få høg legitimitet. Det er heller ingen stadar grunneigarar har høg legitimitet.

Nordlys er ikkje klare på kvifor FeFo har svikta på Nordkapp. Det som eventuelt er  uklart der vil sikkert kunna FeFo gjera greie for. Basert på diskusjonane det siste året handlar det nok om at FeFo burde selt grunnen på Nordkapp til kommunen. Slike krav er også komme frå politiske miljø i Alta. For meg er svaret på slike krav to: For det første: skal vi i Finnmark utvikla eit sterkt offentleg grunneigarskap, så må også attraktiv grunn inngå. Det kan ikkje vera slik at FeFo berre skal eiga den grunnen ingen andre vil ha. For det andre er ikkje eigarskapet til grunn i Finnmark endeleg avklart. Dette skal prosessar i regi av Finnmarkskommisjonen medverka til å avklara. Det ville vore veldig rart om FeFo skal selja annan manns grunn. Det ville verkeleg utfordra legitimiteten.

Eg les preika i «Nordlys» slik at koloniveldet i Finnmark i dag er bygd rundt den regionale organisasjonen FeFo og må såleis dømmast. Men avkolonialisering må byggja på sterke regionale institusjonar og ikkje på ein miks av eit uttal kommunale interesser. Derfor er debattane om utviklinga rundt FeFo interessante, og denne er utfordrande no. Finnmark fylkeskommune (FFK) har fordømt Stortinget sitt vedtak om ei tilpassing av styreutnemninga til FeFo til samanslåinga av Finnmark og Troms. Etter mitt syn, med fare for å skita i eige reir, driv FFK opp ein rein akademisk diskusjon som spreier heilt unødvendig usikkerheit om framtida til FeFo. Finnmarkkommisjonen har vedtatt grunn i Karasjok (og kan godt henda betyr det også etter kvart i Kautokeino) må ut av eigarskapet til FeFo. Og som sagt, fleire og fleire lokale ønskjer at FeFo skal selja. Vi kan såleis få eit regionalt grunneigarskap med lite grunn, forvalta av eit uttal  kommunar med sine interesser i tråd med krava frå FFK og ei svekking av Sametingets posisjon i styringa av FeFo etter som store delar av samiske samfunn kan komma til å tre ut. 

Det kan vera grunnar til alt dette, men at det skal vera ei positiv forvaltning av arven frå 2005, kan eg ikkje sjå. Mange og ulike angrep på det som skulle bli ein slagkraftig regional institusjon er mye meir utfordrande enn påstandane om at akkurat denne organisasjonen svik sitt folk.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse