Vasskrafta var grunnlaget for både rimeleg energi til mange ulike industriverksemder , og dermed arbeidsplassar, og etter kvart til lys i husa rundt om i landet, skriver Olav Flaate. Foto: Colourbox

Trakassering av folk og land

Ei oppmoding til regjering og Storting vert difor; Ikkje trakasser det norske folk. La kontrollen og styringa av vasskrafta, arvesølvet vårt, forbli ein del av kongeriket Noreg.

Mange har fått med seg den etterkvart globale Metoo-kampanjen mot trakassering av kvinner på arbeidsplassar og i ulike organisasjonar og politiske parti.

Her heime i steinrøysa er det ikkje noko unnatak.

Mange politiske parti fokuserer no på retningsliner for etisk og  moralsk oppførsel og rett og slett det å bruka «folkavet» i samspelet mellom kvinnelege og mannlege partifeller i utøvinga av politisk verksemd.

Men det virkar som om dei politiske partia og må gjennomgå regelverket for det å vera tillitsvalde og dermed tenerar for land og folk.

I to folkerøystingar har fleirtalet av det norsk folk røysta NEI til norsk medlemsskap i EU.

Det var difor ei like stor trakassering av folk og land, som  trakasseringa av kvinner, då eit fleirtal på Stortinget og regjeringa vedtok å overføra finanstilsynet, tilsynet med bankar, andre finansieringsinstitusjonar og forsikringsselskap til EU sin sentralbank i Frankfurt.

Den 16. mars 2018 vil regjeringa og EU tilhengjarane på Stortinget overføra både kontroll- og reguleringsmyndigheita av  den norske vasskrafta til ACER, som er EU sitt energibyrå.

Dette er brot på §1 i Grunnlova. I tillegg vil dei gjera det enkelt å få dette «banka gjennom» ved å nytta ein røysteprosedyre , som berre krev simpelt fleirtal , at meir enn femti prosent av stemmene gir ja til å overføra «nasjonalheilagdomen» vår til EU.

Når eit slikt hårreisande forslag både er fremma og skal voterast over i Stortinget, bør det vera innlysande for regjeringa at dette må skje etter § 115 i Grunnlova, som krev ¾ fleirtal for å få det vedtatt.

Vasskrafta er arvesølvet til det norske folk. I løpet av det 20. århundret vart mange vassdrag og fossefall, naturressursane våre, utbygde med kraftverk for produksjon av elektrisk kraft.

Vasskrafta var grunnlaget for både rimeleg energi til mange ulike industriverksemder , og dermed arbeidsplassar, og  etter kvart til lys i husa rundt om i kandet.

Framsynte politikarar sikra, gjennom konsesjonslovene, desse naturressursane på norske hender. Dette var starten på byggjinga av den norske velferdsstaten.

Regjeringa og eit fleirtal på Stortinget , dei som skal arbeide for folk og land, våre tenerar,  vil gjera det stikk motsette.

Vasskrafta var og er ein norsk ressurs. Ho tilhøyrer det norske folk. Ho er ein del av kongeriket Noreg.

Me-too kampanjen har tydeleg vist det norske folk at fleire av våre politiske folkevalde både neglisjerer etikk og moral samstundes som dei demonstrerer makt ovanfor kvinnelege partifeller.

Den same maktdemonstrasjonen gjer seg gjeldande på det politisk området.

Regjeringa og eit fleirtal på Stortinget vil igjen demonstrere makta si ovanfor det norske folk ved å overføra kontroll- og reguleringsmyndigheita av norsk energiproduksjon til EU.

Det er difor på høg tid at det norske folk, som no til dei grader vert trakasserte av dei som skal vera våre tenarar , startar ein We-too kampanje.

Regjering og Storting er der for å utvikle landet og forbetre velferdssamfunnet. 

Dei skal ikkje vera ein forlenga arm for  multinasjonale selskap, for EU eller for personleg karriere.

Raude roser og innsmigrande ord er fattigslege når mange får ei kjensle av økonomisk, velferdsmessigg og forsvarspolitisk utryggheit i dette landet.

Ei oppmoding til regjering og Storting vert difor; Ikkje trakasser det norske folk. La kontrollen og styringa av vasskrafta, arvesølvet vårt, forbli ein del av kongeriket Noreg.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse