Annonse
Historiker Ketil Zachariassen ved UiT Norges Arktiske Universitet

- Unyansert fra Jens-Ivar Nergård

Jens-Ivar Nergård har et unyansert og endimensjonalt syn på fornorskningspolitikken, mener Ketil Zachariassen.

Problemet med Nergård sin kronikk er hans eiga framstilling av fornorskingspolitikken. Den er unyansert, eindimensjonal og statisk.

I ein kronikk i Nordlys 5/3 går Jens-Ivar Nergård laus på Eivind Bråstad Jensen si bok «Tromsøseminarister. I møte med en flerkulturell  landsdel» (2015). Nergård hevdar boka tåkelegg korleis lærarutdanninga og lærarane blei nytta i fornorskingsarbeidet, og han er særleg kritisk til korleis bakgrunnen for og dei overordna måla med fornorskingspolitikken blir framstilt. Eg skal ikkje her gå inn på Nergård sin omtale av Bråstad Jensen si bok. Min agenda er å nyansere Nergård si framstilling av fornorskingspolitikken.

Problemet med Nergård sin kronikk er hans eiga framstilling av fornorskingspolitikken. Den er unyansert, eindimensjonal og statisk. Nergård framstiller til dømes fornorskingspolitikken i skolen som om innhaldet var ferdig utforma i 1850 og heldt seg uendra fram til slutten av 1950-talet. Slik var det ikkje.

Frå 1850 og framover mot hundreårsskiftet blei den offisielle statlege minoritetspolitikken retta mot samar og kvenar gradvis stramma inn, men lite tyder på at denne innskjerpinga førte til endra praksis i skolen. Det var først i tiåret rundt hundreårsskiftet at hovudlinene i den intensiverte statlege fornorskingspolitikken i skolen og på andre samfunnsområde blei utforma – og deretter gradvis sett ut i livet.

I 1902 fekk Finnmark som det første fylket i landet ein eigen skoledirektør. Med Bernt Thomassen, skoledirektør 1902–1920, blei fornorskingspolitikken implementert i skolen. I starten møtte den innskjerpa fornorskingspolitikken sterk motstand frå lærarane, mellom anna frå Bråstad Jensen sine seminaristar, som hevda det var naudsynt at lærarane kunne elevane sitt morsmål og at det blei nytta i undervisninga. Da skoledirektør Thomassen i 1904 fekk Stortinget til å leggje ned friplassordninga ved Tromsø Lærarskole, og slik opplæringa i samisk og kvensk, skjedde det i mot lærarlaga i Finnmark, kollegiet ved lærarskolen og rektor Just Qvigstad sine ønskje.   

Det er mange døme på at lærarane i Finnmark og Nord-Troms ikkje berre var lydige reiskapar i fornorskingspolitikkens teneste, sjølv om det også var mange lærarar som heilhjarta gjekk inn for fornorskinga. Sjølv om det på 1900-talet var motstand frå samisk og kvensk hald mot at elevane ikkje fekk lære morsmålet på skolen, var det ingen som var imot at elevane fekk ordentleg opplæring i norsk eller fekk meir og betre skolegang. Til dømes støtta dei samepolitiske pionerane, lærarane Isak Saba, Anders Larsen og Per Fokstad, alle opp om styrkinga av skolen i Finnmark sjølv om dei var i mot den intensiverte fornorskingspolitikken.  

I det heile bør vårt møte med fortida opne for ulike perspektiv og motstridande tendensar. Om vi einsidig ser historiske aktørar som offer eller syndebukkar framstår fortida paradoksalt nok meir einskapleg og mindre konfliktfylt enn ho faktisk har vore. Slik er det også med fornorskingspolitikken, med lærarane og med dei etniske minoritetane denne politikken var retta mot.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse