Annonse
Det nye fylkesrådet: Karin Eriksen (Sp), Kristina Hansen (Ap), Bjørn Inge Mo (Ap), Bjarne Rohde (SV) og Anne Toril Eriksen Balto (Sp) skal lede den nye fylkeskommunen i Troms og Finnmark. Foto: Troms fylkeskommune

Utvikling for å dele

Ved å utvikle landsdelen vidare gjer vi det enklare å dele Troms og Finnmark igjen når vi har eit nytt fleirtal på Stortinget. Utvikling av landsdelen og deling av det kommande fylket er nemlig ikkje motsetningar. Det eine utelukkar ikkje det andre, sjølv om nokon ser ut til å meine det. Eg trur alle 57 representantar på fylkestinget vil jobbe for at det skal gå bra for Troms og Finnmark - enten det blir som eitt eller to fylke i framtida.

Troms og Finnmark er vedtatt samanslått til eitt fylke frå 1. januar 2020. Så er det eit stort fleirtal på fylkestinget for å dele fylka opp igjen når det byr seg ei anledning til det. Men det er ingen som har tatt til orde for å avvikle noko som helst. Å framstille det som at ein må velje mellom å dele opp fylka, og å utvikle regionen, er eit eksempel på tankefeilen som kallast “falsk dikotomi”. Den framstillinga har fleire gjort i det siste.

Når fleirtalet i fylkestinget, og i befolkninga, vil dele Troms og Finnmark, betyr det å teikne inn grensa igjen og gjenopprette dei to fylkestinga, med kvar sine administrasjonar. Det har ingenting med avvikling å gjere. Når Nordlys sine kommentatorar skriv om avvikling, verker det som om det er snakk om å utslette seg sjølv, viske seg sjølv av kartet. Det er det ingen som verken vil eller kjem til å jobbe for.

Samfunnsutviklinga i regionen er nemlig ikkje eit val med berre to alternativ. Det er ein meiningslaus leik med ord å kalle det nye fylkesrådet for eit avviklingsstyre. Avvikling er ikkje eit reelt alternativ enten du vil ha eitt eller to fylke i framtida.

Vi treng ikkje legge ned ei einaste skole eller asfaltere ein meter mindre veg om vi deler oss i to. Vi treng heller ikkje legge ned ein einaste fylkeskommunal arbeidsplass, eller støtte mindre opp om det lokale og regionale næringslivet. Begrensningane til samfunnsutvikling ligg i at vi får mindre økonomiske overføringar frå regjeringa, ikkje i politiske visjonar hos oss.

Det er snarare eit argument for å dele fylka om det går bra med samfunnsutviklinga i regionen. Det vil nemlig vise tydeleg at vi har rom for to levedyktige fylkeskommunar i regionen.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse