Annonse
DEBATT: Ketil Zachariassen svarer på innlegget fra Jens Ivar Nergård om fornorskningspolitikken. Foto: Stig Brøndbo, UiT.

Den vanskelege historia

Jens-Ivar Nergård liker ikkje at hans unyanserte framstilling av fornorskingshistoria blir kritisert, og er misnøgd med at hans uklåre synspunkt på kjeldebruk blir påtala.

Fornorskingspolitikkens historie er lite ærerik, men samtidig viktig del av norsk historie.

I Nordlys 11 april prøver Jens Ivar Nergård å få det til at eg har lese han feil, til og med omdikta han, men gjer dessverre ingen forsøk på å klargjere synspunkta sine.

Jens Ivar Nergård etterlyser kva eg meiner med behovet for ei nyansering av fornorskingspolitikken. Som poengtert i mitt innlegg i Nordlys 10. mars handlar det mellom anna om ei framstilling av fornorskingspolitikkens historie som tar inn over seg at fornorskingspolitikken utvikla seg over tid og hadde varierande intensitet.

Innhaldet i og omfanget av fornorskingspolitikken var ikkje den same i 1890, som i 1920, i 1950 eller for den saks skuld i 1980. Verknadene av fornorskingspolitikken på elevane, familiane og minoritetssamfunna var ulik på ulike tidspunkt og i ulike lokalsamfunn.

Ei nyansert framstilling av fornorskingshistoria må også ta inn over seg den allmenne samfunns- og skoleutviklinga. Kva var resultat av fornorskingspolitikk, kva var resultat av den allmenne satsinga på skole og utdanning i Norge?

Kva var resultat av den økonomiske, sosiale og kulturelle moderniseringa av samfunnet, og kva var resultat av fornorskingspolitikk? Kva var resultat av at talet på skoleveker generelt auka i Norge, og kva var resultat av fornorskingspolitikk?

Kva skilte samiske og kvenske elevar og familiar sine opplevingar på skoleinternat frå norske elevar og deira familiar sine erfaringar frå dei same skoleinternata?

Fornorskingspolitikken blei heller ikkje praktisert likt rundt om. Kva var skilnadene og kva for konsekvensar hadde det for elevar, foreldre og lokalsamfunn? Korleis blei det mobilsert mot fornorskingspolitikken i det kvenske og samiske samfunnet? Kva var verknadane av fornorskingspolitikken på lang sikt?

I arbeidet med fornorskingspolitikkens historie bør vi vakte oss vel slik at vi ikkje gjer fortidas menneske til passive objekt i sine eigne liv i staden for aktive subjekt.

Nergård trekker fram dei fire skoleinstruksane frå siste halvdel av 1800-talet der retten til bruk av samisk og kvensk som hjelpespråk i skolen gradvis blir stramma inn.

Kan vi ut frå desse normative kjeldene slutte at lærarane slutta å nytte samisk og kvensk i skolen? Svaret er nei. Lærarane etterfølgde ikkje instruksane, i alle fall fram til 1902 nytta dei på same vis som tidlegare samisk og kvensk som undervisnings- og hjelpespråk.

Nergård trekker vidare fram vedlegget frå skoleinstruksen frå 1880 der det blir presisert at retten til lønstillegg frå Finnefondet fell bort om lærarane ikkje følgde instruksen til punkt og prikke.

Var det slik at lønstillegget frå Finnefondet blei nytta til å støtte opp om dei fornorskingsvennlege lærarane? Svaret er igjen nei.

Geir Grenersen har i ein nyleg publisert artikkel “Historisk Tidsskrift” synt at alle lærarane som søkte tilskot frå Finnefondet i Finnmark i 1901 og 1902 fekk det, og at dette var å sjå på som eit allment lønstillegg uavhengig om dei følgde skoleinstruksen eller ikkje.

Til dømes skreiv Anders Larsen, “Sagai Muittalægje” sin redaktør og grunnleggar, i sin søknad om lønstillegg i 1902 at han kunne samisk «og det maa ofte bruges som hjelpesprog».

I si tilråding av søknaden trekker Kvalsund skolestyre nettopp fram Larsen sine gode kunnskapar i samisk og hans bruk av samisk i skolen.  

Det er ingen tvil om at raseteori og sosialdarwinistisk tankegods låg til grunn for fornorskingspolitikken, men Nergård gløymer at det også låg realpolitiske vurderingar bak, og da særleg knytt til tryggingspolitikken.

Å tryggje grensene mot det som i samtida blei omtalt som «den finske fare», redselen for ein finsk ekspansjon i nord, blei av styresmaktene sett på som særs viktig.

Dei sterkaste fornorskingstiltaka blei først og fremst retta mot dei utsette grensestrøka i nord og aust, og da særleg retta mot kvenane, som i motsetnad til samane blei sett på som ein tryggingsrisiko. I praksis blei det frå styresmaktene likevel gjort liten skilnad mellom samar og kvenar.

Fornorskingspolitikkens historie er lite ærerik, men samtidig viktig del av norsk historie. Den fortel mykje både om kva som har vore samfunnets syn på minoritetar og på kva det vil seie å vere norsk.

I ei tid med stor migrasjon til Norge er det ei historie som har aktualitet og som ikkje må bli gløymd. Komparasjon over landegrensene kan gje ny kunnskap og innsikt, men alt lar seg ikkje utan vidare komparere.

Å samanlikne minoritetspolitikken i Norge og Canada på 1800- og 1900-talet utan samtidig å gjere greie for dei store skilnadane i minoritetspolitikkens bakgrunn, utforming og implementering er lite fruktbart om målet er å få fram ny kunnskap.

Nergård skal ha stor honnør for sitt brennande engasjement for fornorskingspolitikkens offer, men forsking om fornorskingspolitikken må opne for ulike perspektiv og motstridande tendensar. Også det vi ikkje liker eller ikkje passar inn må bringast fram, bare slik kan vi få fram ny kunnskap.

Dessverre har eg lita tru på at Nergård og eg vil blir samde om korleis kome til ny kunnskap om fornorskingspolitikkens historie. Den usemja kan eg leve med. Takkar med det for ordskiftet.
 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse