Annonse
KAMP OM HISTORIEN: Debatten om hvordan forskningspolitikkens historie skal fremstilles fortsetter, mellom Ketil Zachariassen, bildet, og Jens-Ivar Nergård fortsetter.

Den vanskelege historia II

I arbeidet med fornorskingspolitikkens historie bør vi vakte oss vel slik at vi ikkje gjer fortidas menneske til passive objekt i sine eigne liv, skriver Ketil Zachariassen.

Det er ingen tvil om at raseteori og sosialdarwinistisk tankegods låg til grunn for fornorskingspolitikken

Jens-Ivar Nergård liker ikkje at hans framstilling av fornorskingspolitikkens historie blir kritisert og at det blir stilt spørsmålsteikn med korleis dei som blei råka av fornorskingspolitikken blir framstilt.     

16 . april var Nergård sitt tilsvar til meg på trykk. Tilsvaret kom utan at mitt innlegg, «Den vanskelege historia» på nett 13. april, hadde vore publisert i papiravisa. For ordskiftet var dette svært uheldig. Nergård sitt innlegg hang i lause lufta og dermed blei hans nedlatande tone og stil enda meir openberr. Viktigare er det at Nergård ikkje bør få stå uimotsagt. Utan nyansar kan all historie, også fornorskingspolitikkens historie, opne for misbruk.

Kva var det Nergård gjekk til angrep på? Eg skal her gjenta hovudpunkta i innlegget mitt frå 13 april. «Nergård etterlyser kva eg meiner med behovet for ei nyansering av fornorskingspolitikken. Det handlar mellom anna om ei framstilling av fornorskingspolitikkens historie som tar inn over seg at fornorskingspolitikken utvikla seg over tid og hadde varierande intensitet. Innhaldet i og omfanget av fornorskingspolitikken var ikkje den same i 1890, som i 1920, i 1950 eller for den saks skuld i 1980. Verknadene av fornorskingspolitikken på elevane, familiane og minoritetssamfunna var ulik på ulike tidspunkt og i ulike lokalsamfunn.

Ei nyansert framstilling av fornorskingshistoria må også ta inn over seg den allmenne samfunns- og skoleutviklinga. Kva var resultat av fornorskingspolitikk og kva var resultat av at talet på skoleveker generelt auka som følgje av styrking av skole og utdanning i Norge? Kva var resultat av den økonomiske, sosiale og kulturelle moderniseringa av samfunnet, og kva var resultat av fornorskingspolitikk? Kva skilte samiske og kvenske elevar og familiar sine erfaringar frå norske elevar og deira familiar sine erfaringar frå dei same skoleinternata? Fornorskingspolitikken blei heller ikkje praktisert likt rundt om. Kva var skilnadene og kva for konsekvensar hadde det for elevar, foreldre og lokalsamfunn? Korleis blei det mobilsert mot fornorskingspolitikken i det kvenske og samiske samfunnet? Kva var verknadane av fornorskingspolitikken på lang sikt?

I arbeidet med fornorskingspolitikkens historie bør vi vakte oss vel slik at vi ikkje gjer fortidas menneske til passive objekt i sine eigne liv i staden for aktive subjekt. Nergård trekker fram dei fire skoleinstruksane frå siste halvdel av 1800-talet der retten til bruk av samisk og kvensk som hjelpespråk i skolen gradvis blir stramma inn. Kan vi ut frå desse normative kjeldene slutte at lærarane slutta å nytte samisk og kvensk i skolen? Svaret er nei. Lærarane etterfølgde ikkje instruksane, i alle fall fram til 1902 nytta dei på same vis som tidlegare samisk og kvensk som undervisnings- og hjelpespråk.

Nergård trekker vidare fram vedlegget frå skoleinstruksen frå 1880 der det blir presisert at retten til lønstillegg frå Finnefondet fell bort om lærarane ikkje følgde instruksen til punkt og prikke. Var det slik at lønstillegget frå Finnefondet blei nytta til å støtte opp om dei fornorskingsvennlege lærarane? Svaret er igjen nei. Geir Grenersen har i ein nyleg publisert artikkel Historisk Tidsskrift synt at alle lærarane som søkte tilskot frå Finnefondet i Finnmark i 1901 og 1902 fekk det, og at dette var å sjå på som eit allment lønstillegg uavhengig om dei følgde skoleinstruksen eller ikkje. Til dømes skreiv Anders Larsen, Sagai Muittalægje sin redaktør og grunnleggar, i sin søknad om lønstillegg i 1902 at han kunne samisk «og det maa ofte bruges som hjelpesprog». I si tilråding av søknaden trekker Kvalsund skolestyre nettopp fram Larsen sine gode kunnskapar i samisk og hans bruk av samisk i skolen.  

Det er ingen tvil om at raseteori og sosialdarwinistisk tankegods låg til grunn for fornorskingspolitikken, men Nergård gløymer at det også låg realpolitiske vurderingar bak, og da særleg knytt til tryggingspolitikken. Å tryggje grensene mot det som i samtida blei omtalt som «den finske fare», redselen for ein finsk ekspansjon i nord, blei av styresmaktene sett på som særs viktig. Dei sterkaste fornorskingstiltaka blei først og fremst retta mot dei utsette grensestrøka i nord og aust, og da særleg retta mot kvenane, som i motsetnad til samane blei sett på som ein tryggingsrisiko. I praksis blei det frå styresmaktene likevel gjort liten skilnad mellom samar og kvenar.

Fornorskingspolitikkens historie er lite ærerik, men samtidig viktig del av norsk historie. Den fortel mykje både om kva som har vore samfunnets syn på minoritetar og på kva det vil seie å vere norsk. I ei tid med stor migrasjon til Norge er det ei historie som har aktualitet og som ikkje må bli gløymd. Komparasjon over landegrensene kan gje ny kunnskap og innsikt, men alt lar seg ikkje utan vidare komparere. Å samanlikne minoritetspolitikken i Norge og Canada på 1800- og 1900-talet utan samtidig å gjere greie for dei store skilnadane i minoritetspolitikkens bakgrunn, utforming og implementering er lite fruktbart om målet er å få fram ny kunnskap.

Nergård skal ha stor honnør for sitt brennande engasjement for fornorskingspolitikkens offer, men forsking om fornorskingspolitikken må opne for ulike perspektiv og motstridande tendensar. Også det vi ikkje liker eller ikkje passar inn må bringast fram, bare slik kan vi få fram ny kunnskap.» 16. april kunne vi lese Nergård sitt tilsvar. Korleis responderte han på at eg synte at den einsidige framstillinga hans av fornorskingspolitikkens historie var misvisande? Tok han det inn over seg, søkte han ny kunnskap og var han lydhøyr for kva andre forskingskollegaer hadde kome fram til? Svaret er nei, og han gjev tydeleg til kjenne at han ikkje er interessert i å finne det ut. Det er nok fleire enn meg som uroar seg over hans haldning til korleis ny kunnskap blir til, til sjølve forskingsprosessen og til historia.

All historie kan brukast og misbrukast. Det beste forsvar mot misbruk av historia er framstilling av fortida som opnar for ulike perspektiv og motstridande tendensar. Nettopp der historia er minst ærerik, der majoritetssamfunnet på det mest brutale greip inn i minoritetsgruppers språk, kultur og samfunnsliv og der konsekvensane for enkeltindivida var store, er behovet for nyansar størst. I eit slikt perspektiv blir Nergård si avvising av ei nyansert historie svært urovekkande. Dette er det motsette av å «pynte på historia» og å utelate ofra, som Nergård synast å meine.

Kunnskap om fornorskingspolitikkens historie og dei som blei ramma av denne politikken er viktig og naudsynt, utover det er det vel lite eg og Nergård er samde om. Det kan eg leve med. Takkar (igjen) for ordskiftet.

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse