Finnmark har i lang tid mista verdifulle trålkonsesjonar og fiskekvoter. Råderetten over verdifulle areal for lakseoppdrett er ei anna side av same sak. Fylket er blitt ein "ressursprovins", skriver Gunnar Grytås. Bildet viser den gamle Prestvikkaia i Vadsø. Foto: Bjørn Hildonen, iFinnmark

Verdas beste kolonimakt?

Kolonimakter brukar ofte å starte med det: flytte grensene slik at folk ikkje kjenner seg att, og at dei som før var vener blir fiendar. Slik tek herskaren full kontroll.

Regjeringa vil at Finnmark fylke kan få tilrå at bussen ikkje må gå før toget kjem. Og frå Veidnes til Varanger blir det sus i tretoppane med fylkestilskot til kystskogbruket.

Dette er utvalde høgdepunkt frå tiltaka i regionreforma. Eit val mellom knappar og glansbilete som minner stadig meir om kolonialisering.

Finnmark har i lang tid mista verdifulle trålkonsesjonar og fiskekvoter. Råderetten over verdifulle areal for lakseoppdrett er ei anna side av same sak. Milliardprofitt som kunne bygd opp lokal kapital i Finnmark går til pensjonsfond i Europa og USA. Fylket er blitt ein «ressursprovins», der staten gjev fisk i byte for at vestnorske fartøy skal få fiske i EU-havet. Som ekte kolonialistar invaderte den nasjonale snurpeflåten finnmarksfjordane og tøymde dei for småsild på 50-og 60-talet. Sovjet protesterte, og det tok nesten 30 år før silda kom tilbake. Ventetida vart brukt til å fiske ned lodda.

Småsildrovet, og styresmakter utan omtanke for fjordfiskarane, er berre eit av mange innslag i nesten hundre års hard fornorskning. Og til liks med koloniar i Afrika, kom misjonærane etter, hakk i hæl med statsmakta. Finnmark har ei lang historie med stortingsvedtak som fortener alt anna enn respekt. Statleg politikk gav næring til seigliva konspirasjonar om at samar, kvenar og russarar ikkje er til å stole på. Det er ikkje så lenge sidan at NRK varsla om fare for eit væpna samisk opprør i Finnmark. Den tungt finansierte forsvarslobbyisten Kjetil Stormark laga ny røre av gamalt svineri om naive og upålitelege finnmarkingar. Og PST fastslår at nordområdepolitikken er sensitiv. Både dei som stiller spørsmål og dei som svarar bør passe seg. Storesøstra di ser deg.

Tidleg på 1900-talet var kravet om frihandel med russarane ei viktig kampsak for Finnmark. Relativt sett har kanskje fylket aldri hatt det så godt som då pomorhandelen blomstra, medan staten heller støtta eksportørane i Bergen. Etter den russiske revolusjonen i 1918 stoppa handelen av seg sjølv, men den kom sterkt tilbake på slutten av 1980-talet.

I over ti år heldt hundrevis av russiske trålarar som leverte fersk fisk liv i alt som var av filetfabrikkar. Då dette avtok, var det også slutt for filetindustrien. Til gjengjeld fekk russarane råd til å kjøpe norsk sjømat. I 2013 var dei største importør av laks og anna fisk. Finnmark fekk for første gong kortast avstand til ein enorm marknad for sjømat. Forventningane blomstra på begge sider av grensa.

Målet om å auka eksporten frå sju til 10-15 milliardar i året måtte skrotast då regjeringa i 2014 slutta seg til EU-sanksjonane mot Russland i protest mot utviklinga på Krim og i Ukraina. Som venta svarte Moskva med importstopp for matvarer. Noreg som står utanfor EU påførte seg sjølv eit større tap enn noko anna land i Europa. Frå norsk side vart det slått fast at «tilhøvet til Russland aldri kunne bli som før», og den bilaterale politiske kontakten har sidan vore nesten lik null.

Om dette var eit forsøk på få auka status i Brussel, er det interessant å merke seg at Finlands president Niinistö og Putin  både i juli 2017 og august i år har møttest for å diskutere økonomisk og regionalt samarbeid medan dei ventar på at sanksjonane blir avvikla.

At Finland og Russland snakkar samen, frå kvar si side av kaldfronen, minner om korleis Noreg  etter Stalins død i 1953, tok den første forsiktige kontakten med Sovjet. Med ørsmå skritt kom det i gang, utan at det hindra skarpe diplomatiske reaksjonar på militære overgrep i Ungarn, Øst-Berlin og Praha. Eit gryande bilateralt samarbeid overlevde både dette og U2-skandalen i Bodø. Gjennombrotet kom med ein unik, bilaterale fiskeriavtalen i 1974. I Svalbardsona greidde partane å leve med avtalt usemje. Vi fekk ein gråsoneavtale der Høgre jobba hardt for å undergrave norske posisjonar i forhandlingane. Men avtalen  fungerte godt i over 30 år til det vart semje om ei endeleg havgrense i 2010.

Vi har fått avtalar om kystvaktsamarbeid, søk og redning og miljøsamarbeid. Samarbeidet vi har i dag blir sett på mange harde prøver etter kvart som Polhavet blir oppvarma og mange tusen kilometer russisk kystlinje blir isfri. Som kyststat gjev havretten Russland dei same rettar og plikter som før, men omfanget blir større og ansvaret tyngre med ein aukande skipstrafikk. Med sin eigen «aldri meir»-lærdom frå to verdskrigar, er det opplagt at Russland rustar opp for å sikre eigen tryggleik i eit isfritt Arktis. Det kan ikkje NATO eller EU hindre, og det set også grenser for kva Noreg bør godta av opprustning i våre eigne nærområde.

Regjeringa hevdar at det bilaterale samarbeidet med Russland er like godt som før. Spørsmålet er om russarane ser det på same måten? Det finn vi berre ut ved å snakke saman, og det er uforståeleg at vi som utanforland i EU ikkje kan gjere det same som Finland; å ha eit «toppmøte» med russarane i året. Både for lufte ut, og finne oppgåver som vi framleis kan samarbeide om.

På 1950-talet kom den kalde krigen og opprustninga samstundes med Nord-Norge-planen. Finnmark fekk 4.000 av 10.000 nye industrijobbar i landsdelen. Kraftverk, nye vegar, hamner og skatterabatt tiltak i tida, men også med eit sideblikk på at det var viktig å hindre misnøye i det fylket som låg nærast Sovjet.

Ikkje alt var vellukka, men i motsetning til i dag var det ingen grunn til å teikne om kartet. Kolonimakter brukar ofte å starte med det: flytte grensene slik at folk ikkje kjenner seg att, og at dei som før var vener blir fiendar. Slik tek herskaren full kontroll.

 

 

 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse