Annonse

Vi liker ho fordi ho er best, fordi ho er sterk

Kroppen er produktet deira, og alle vi som sitt framfor fjernsynsskjermen og heiar har tydelegvis ein eigarandel i dette produktet.

Men det programleiaren var mest opptatt av var: når skal du slutte?

Alle har eit eigarskap til Marit Bjørgen. Vi liker ho fordi ho er best, fordi ho er sterk, men kanskje endå meir fordi ho er audmjuk og vennleg. Ho er vår tids landsmoder, men med mykje større tilhengjarskare enn Gro.

Eg synst Marit Bjørgen er ein fantastisk idrettsutøvar. Og eg trur også at ho er ein fantastisk person. Utan eg at eg kjennar ho. Trass i dette veit eg veldig mykje om Marit Bjørgen som eg strengt tatt aldri hadde trengt å få vite. Og som eg ikkje hadde visst om ho hadde ein vanleg jobb.

For idrettsutøvarar byggjer karrierane sine på gjennomtrente kroppar. Desse individuelle idrettsutøvarane får oss som nasjon til å danne ein fellesskap. Iallfall når dei vinn. Og kanskje bidrar vi til å byggje opp sjølvkjensla deira med engasjementet vårt. Kroppen er produktet deira, og alle vi som sitt framfor fjernsynsskjermen og heiar har tydelegvis ein eigarandel i dette produktet.

Kroppen til Marit Bjørgen har vore allemannseige gjennom ein lang idrettskarriere. Heile den nasjonale sjølvkjensla har vore avhengig av dagsformen hennes. Gjennom media har vi fått alle tenkelege og utenkelege oppdateringar om kroppen hennes. Marit er forkjøla.

Marit har omgangssjuke. Marit har piercing. Marit har fjerna piercing. Marit har musklar. Ei avis kritiserte henne for manglande evne til å kle kjole. For mykje musklar. Nokon andre lurte på kva truse ho går med. Vi trakka over eit par grenser allereie der.

Og så fekk verda snusen i at Marit Bjørgen er 35 år. At ho kanskje skal leggje opp. Og at ho ønskjer seg barn. Det skulle ho sjølvsagt aldri ha fortalt verda. Då trakka vi over dei få grensene som var att mellom privatpersonen og skiløparen. Med ein gong begynte ei felles biologisk klokke å tikke lynraskt på vegne av Marit Bjørgen.

I eit fjernsynsstudio for eit par veker sidan var Marit på plass, i kraft av å vere verdas kanskje aller beste skiløpar gjennom tida. Men det programleiaren var mest opptatt av var: når skal du slutte? Når skal du få barn? Og seinare har vi følgt opp: Er du for eller i mot at Bjørgen skal leggje opp i år? Og ikkje minst stiller alle seg spørsmålet ingen har noko med: Kva skjer no med kroppen til Marit? Når skal ho få barn?

Å få barn eller ikkje få barn er ei privat avgjerd og ei privat hending. Same kvar du jobbar. Det er meir privat enn ein kropp som ikkje er i form til OL. Meir privat enn ein diare under Tour de Ski, sjølv om også det kjennast litt malplassert i offentlegheita. Vi må øve oss på å bry oss mindre om dei tinga vi ikkje har noko med, sånn som kroppen til Marit Bjørgen.

For  den dagen Marit Bjørgen legg opp er ho ikkje lenger ein idrettsutøvar som skal ta gull på vegne av nasjonen. Ho er ein privatperson som er ferdig på jobb. Og då er ikkje dagsformen hennes lenger nasjonalt nyheitsstoff. 

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse