Annonse
Steinar Skauge (bildet) kommenterer Halvard Birkelands innlegg om kristendommen i Nordnorsk debatt.

Vi må jobbe for menneskeverdet

Teksten til Birkeland er sjølvsagt ikkje nokon historisk gjennomgang, men eit forsøk på å angripe kristendomen i samband med Ropstad sine siste utspel om menneskesyn. Og til liks med Ropstad sine utspel, er denne teksten så full av feil og stråmenn at det hindrar fornuftig diskusjon.

Hallvard Birkeland kjem i ein tekst på Nordnorsk debatt 22. november med det han kallar «en liten historisk gjennomgang om hva det kristne menneskesynet har bidratt med, for å skape en bedre verden». Med denne introduksjonen skulle ein tru Birkeland hadde leita etter døme på korleis eit kristent menneskesyn har gjort verda betre. Det har han ikkje. Birkeland kjem med eit selektivt utval av ting han reagerer på frå historia og med rette eller urette skuldar på kyrkja for. Det seier seg sjølve at når kyrkja får skulda for alt frå begge sidene i Andre verdskrig, via innføring av statsreligion i Danmark-Norge til utsegn frå Finn Jarle Sæle, er det lite konstruktivt å skulle forsøke å gå i møte med dette. Særleg sidan det historiske presisjonsnivået her svært omtrentleg og ofte grunnleggande feil som til dømes når det vert hevda at Norge først og fremst vart «kristnet ved hjelp av sverdet».

Teksten til Birkeland er sjølvsagt ikkje nokon historisk gjennomgang, men eit forsøk på å angripe kristendomen i samband med Ropstad sine siste utspel om menneskesyn. Og til liks med Ropstad sine utspel, er denne teksten så full av feil og stråmenn at det hindrar fornuftig diskusjon.

Samstundes er dette eit viktig tema, og vi bør heller ta diskusjonen vekk frå både stråmenn og historiske vrangforestillingar og heller faktisk snakke om kva kyrkja kan bidra med i den stadige kampen om menneskeverd i samfunnet vårt i dag.

For at det er ein kamp for å bevare menneskeverdet, er det ingen tvil om. Menneskeverdet vert angripe kreftene som vil tene pengar på å fortelje oss at vi ikkje er gode nok slik vi er. Dei som vil at vi skal kjenne at vi må operere oss, sminke oss, klippe oss, slanke oss for å bli gode nok. Menneskeverdet vert angripe av kreftene som jobbar for at dei som kan betale mest, får super pleie om dei vert sjuke, medan dei som ikkje kan betale må ta til takke med eit minimum. Menneskeverdet vert angripe av krefter som seier at vi i Norge har eit rett til å leve i overflod, medan menneske som er fødde andre plassar i verda ikkje har den retten. Menneskeverdet vert angripe av krefter som vil late små born pinast i hel i fangeleirar, fordi ein heller vil statuere eit døme med kor streng ein er med mødrene deira i staden for med at ein tar borna på alvor. Menneskeverdet vert truga av krefter som vil gje ulike rettar til ulike folk, basert på etnisitet, kjønn, økonomi, bustad, legning, alder, religion, funksjonsnivå.  

Dette er ein pågåande debatt som alltid har gått og som nok alltid vil gå. Vi kjem nok aldri til å kome i ein situasjon der vi ikkje treng å kjempe for menneskeverdet.

Derfor må kyrkja alltid løfte fram vårt menneskesyn inn i samfunnsdebatten. Vi trur at Gud har skapt alle menneske i sitt bilete, dette gjer at vi trur at alle menneske er like mykje verdt. Uavhengig av etnisitet, kjønn, økonomi, bustad, legning, alder, religion, funksjonsnivå.  Dette er det vi har å kome med, og når Birkeland forsøker å raljere det vekk, gjer han nok seg sjølve ei bjørneteneste. For utan at eg kjenner Birkeland ut over denne eine teksten, les eg han som at dette er noko han nok vil vere einige med kyrkja om. Kanskje ikkje tanken bak, men konklusjonen  - At alle menneske er like mykje verdt. Uavhengig av etnisitet, kjønn, økonomi, bustad, legning, alder, religion, funksjonsnivå.

Det er ikkje vanskeleg å finne feil kyrkja har gjort i kyrkjehistoria. Det er ikkje vanskeleg å finne feil hos kyrkja no heller, og sjølvsagt skal dette kunne påpeikast og kritiserast. Spørsmålet er om det er særleg konstruktivt å hevde at slike feil gjer at kyrkja i dag ikkje har truverd eller skal høyrast på når ein snakkar om menneskeverd. Dei einaste som tener på det, trur eg er dei kreftene som vil bryte ned menneskeverdet.

Det vi treng, er ein samtale om korleis vi kan ta vare på menneskeverdet. Eit menneskeverd som er likt uavhengig av etnisitet, kjønn, økonomi, bustad, legning, alder, religion, funksjonsnivå.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse