Annonse
For sjølv om ein kan anta at nyare flytyper er meir drivstoffgjerrige, at vi klarer å ha meir fulle fly, at deler av kortbanenettet blir elektrifisert og at ein auke i antall direktefly til Tromsø vil føre til meir effektive personkilometer, så stiller vi oss tvilande til at dette er tilstrekkelig for å oppveie klimagassutsleppa som ein auke på 30 prosent i antall passasjerer vil føre med seg, skriver artikkelforfatteren.

Vi må kutte i klimagassutsleppa, også i luftfarten

MDG meiner at vi ikkje har råd (i klimarekneskapet) til ei kraftig auke i antall passasjerer ved Tromsø lufthavn. Dette fordi vi stiller oss tvilande til at ein potensiell auke i antall passasjerer på ca 30 prosent ikkje vil føre til auka klimagassutslepp.

Er det riktig av oss å tilrettelegge i enda større grad for å fly inn turister fra fjerne strøk og dermed etterlate store klimagassutslepp frå flyginga?

Eit viktig premiss for politikken til Miljøpartiet de Grønne (MDG) i Tromsø er målet om 85 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 (som er vedtatt i Tromsø kommune sin klima-, miljø- og energiplan). Dette er eit ambisiøst og krevjande mål, og vil påverke mange av vala vi står ovanfor i dag og i framtida. Vi må med andre ord kutte kraftig i våre utslepp av klimagasser, i alle sektorar. Innføring og oppfølging av klimabudsjettering i Tromsø kommune vil vere eit sentralt verktøy for å klare dette. Ein bør kunne forvente at alle sektorer tar tak for å kunne klare å kutte så mykje, og luftfarten er ingen unntak. 

Avinor opplyser at den nylig annonserte milliardinvesteringa ved Tromsø lufthavn vil kunne auke kapasiteten med 700 000 passasjerer i året, altså ca 30 prosent meir enn antall passasjerer i 2019. At fasilitetane ved flyplassen blir betre er fint. 

MDG meiner at vi ikkje har råd (i klimarekneskapet) til ei kraftig auke i antall passasjerer ved Tromsø lufthavn. Dette fordi vi stiller oss tvilande til at ein potensiell auke i antall passasjerer på ca 30 prosent ikkje vil føre til auka klimagassutslepp. For sjølv om ein kan anta at nyare flytyper er meir drivstoffgjerrige, at vi klarer å ha meir fulle fly, at deler av kortbanenettet blir elektrifisert og at ein auke i antall direktefly til Tromsø vil føre til meir effektive personkilometer, så stiller vi oss tvilande til at dette er tilstrekkelig for å oppveie klimagassutsleppa som ein auke på 30 prosent i antall passasjerer vil føre med seg.

Om nokon kan legge fram tall som viser det motsatte, vil vi gjerne sjå dette. Vi utfordrer difor Avinor til å gjennomføre ei utrekning av kva klimaeffekter dette kan ha, og at ein i denne utrekninga tar med alle momenter om ny teknologi, bedre plassutnytting på fly, redusert behov for mellomlanding og ein forventa auke av passasjerantal. Vi trur at samla sett vil desse faktorane, i beste fall, føre til null auke i klimagassutslepp. Men har vi likevel råd til å tillate at potensielt manglande kutt i klimagassutsleppa til luftfartssektoren, når vi samtidig skal redusere lokale, nasjonale og globale utslepp kraftig dei neste 10 åra? Korleis har Tromsø kommune i såfall tenkt å kompensere for dette i andre sektorer for å nå målet om 85 prosent kutt?

Turismen er ei viktig næring for Tromsø-regionen og MDG ynskjer fortsatt turister velkomne nordover, men vi må stille spørsmål om veksten i næringa er berekraftig. Det er nok naturlig å anta at turisttrafikken vil auke med auka kapasitet ved terminalen til Tromsø lufthavn og særlig dersom lengre rullebane vil gjere at vi kan ta imot større fly. Er det riktig av oss å tilrettelegge i enda større grad for å fly inn turister fra fjerne strøk og dermed etterlate store klimagassutslipp frå flyginga? Er Tromsø som kommune klar for å ta i mot enda fleire turister? Kunne vi i staden prøve å få dei som først ha tatt fly hit til å vere her lenger og dermed legge igjen meir penger?

I det såkalla grønne skiftet er det mange slike store spørsmål vi må stille oss. Korleis klarer vi å omstille oss for å begrense klimaendringer vi ser allereie i dag og som vi svært sannsynlig vil merke enda meir av i framtida?

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse