Annonse
BOM STOPP?: SV oppgir sju grunner for å stoppe Arctic Center, Foto: Arkitektkontoret Amundsen for Arctic Center

Vi må stoppe Arctic Center

For SV er det å unngå hyttelandsbyen på Finnheia svært viktig. Derfor har vi stemt og argumentert mot at reguleringsplanen skal bli vedtatt ved alle moglegheiter vi har hatt. Det kjem vi til å halde fram med.

For oss i SV er det sju hovudargument mot hyttelandsbyen på Finnheia.

1.  Utslepp av klimagasser

Ei utbygging og drenering av myra på Finnheia vil føre til store klimagassutslepp. Vi kan diskutere nøyaktig kor mange tonn. Det som uansett ligg fast er at nedbygging av myr og arealendringar er ei av dei verkeleg store kjeldene til klimagassutslepp i Noreg og i verda. Vi har ei forplikting til å unngå slike arealbruksendringar dersom vi vil stoppe klimaendringane.

2. Trafikk

Trafikken som vil bli skapt til Arctic Center og dei over 800 parkeringsplassane der har openbart betydning for klima, men det betyr og noko for trafikkbelastninga på brua og lokalmiljøet til alle som bur langs vegen. Mange av de som bur på Kvaløya er allereie plaga av kø og trafikkorkar. Det er svært vanskeleg å få bygd nytt på Kvaløya nå. Er verdien av eit alpinanlegg verd ei forverring problemene?

3. Naturreservat og kulturminner

Like nedanfor Arctic Center ligg eit viktig naturreservat. Formålet med dette naturreservatet er «er å bevare ei brei bukt ved elveutløp med et uvanlig variert strandengkompleks og yttergrenseforekomster for flere arter av strandplanter, og med et variert fugleliv.».

Det er usannsynleg at dette naturreservatet ikkje blir påverka av ei storstilt utbygging av Finnheia med hytter, asfalt og vegar. Er det verd det å sette i spel dei store naturverdiane i nasjonalparken?

Videre vil utbygginga vil rasere viktige samiske kulturminner. Den urett som staten Norge gjorde mot samer under fornorskningspolitikken må vi nå gjøre det vi kan for å reparere. At majoritetssamfunnet viser respekt for urfolk i Tromsø framover, må bety at vi tar på kulturminnene fra fortida.

4. Vatn og avløp

Det siste utspelet frå Arctic Center er at dei vil bygge ei vassleidning tvers gjennom naturreservatet. Dei vil kople seg på det kommunale leidningsnettet for å unngå den innsigelsen frå Mattilsynet som ligg i dagens reguleringsplan. Det er uklårt kva ei slik påkopling vil bety for den kommunale økonomien og økonomien til dei som bur langs den nye vassleidninga og som vil få påkoplingsplikt. Dette nye innspelet er ikkje formelt ein del av det kommunestyret skal ta stilling til 30. september. Men det likevel er noko vi må ta omsyn til. Usikkerheitene taler for at Arctic Center ikkje bør byggast.

5. Friluftsliv

Håkøybotn er bynært friluftslivområde som er mykje brukt av mange barnefamiliar og andre i kommunen vår. Å gå på ski og mark gir glede og folkehelse. Det er verdt å bevare den store verdien området har for tromsøværingene.

6. Turisme

Det leier oss til turismen. Kva vil hyttelandsbyen og alpinanlegget bety for utsynet og oppleving av mørke og nordlys at vi får opplyste bakkar i Håkøybotn. Skinet frå denne bakken vil vere synleg vidt omkring. For korfor kjem folk til Tromsø. Korfor kjem dei til Tromsø vinterstid? Dei fleste kjem for å oppleve lyste og mørket. Kulda og snøen. Eg trur ikkje den opplevinga blir betre av eit alpinanlegg på Finnheia. Anlegget vil ikkje bli ein attraksjon i seg sjølv, i alle fall ikkje ein som kan konkurrere med Alpane, Trysil eller Narvik, men det kan bli eit anlegg som gjer dei attraksjonane som trekk folk til Tromsø blir svakare. Lyset, mørket og opplevinga av den arktiske naturen.

7. Reindrift og beite

Området der hyttelandsbyen skal ligge er eit viktig beiteområde. I beitebruksplanen er beitet karakterisert som godt og det er tre saubruk i området. Kvaløya sanke- og beiteforening meiner dei ikkje er tatt med på råd slik det skulle gjerast. Saubruka er allereie eksisterande næringsbruk av området. Det er ikkje slik at området ligg tomt og forlatt i dag. Området er og viktig for reindrifta på Kvaløya. Reindrifta mista viktige areal til vindkraftutbygginga det gjer dette området viktigare for reindrifta.

Samla sett gjer dette at SV heilt klart er mot denne planen. Verdien av det anlegget som er planlagt er ikkje i nærleiken av å vere verd kostnaden. SV vil stemme mot planen og oppfordrar alle andre i kommunestyret om å gjere det same.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse