Annonse
SKODESPEL: Alle desse dresskledde menn og kjolekledde kvinner hadde sams meining om at EØS-avtalen er verdas beste handelsavtale. Skodespelet som fann stad i Oslo Spektrum er ein tragedie i beste Henrik Ibsen stil. Det som er tragisk er at kapitaleigarane i dei ulike bedriftene synest å stå mot kapitalskaparane, alle abeidarane, som skapar dei verdiane, den profitten, som kapitaleigarane aldri får nok av. Foto: Christian Breidlid, NHO

«Vi og verden»

Å flytta vår eiga nasjonalforsamling, Stortinget, til Brüssel er underordna så lenge eliten sikrar seg mest mogeleg profitt eller styrker sin eigen posisjon.

«Vi og verden» var titelen på den årlege NHO-konferansen 2019.    

Norske kapitaleigarar, direktørar/leiarar av ulike bedrifter i tillegg til ei rekkje samfunnstoppar frå ulike samfunnsområde var tilstades på denne konferansen.

Blant samfunnstoppane var statsminister Erna Solberg og stortingsrepresentantane Jonas Gahr Støre (leiar Ap), Espen Barth Eide (Ap) , leiaren for LO og fagrørsla; Hans-Christian Gabrielsen, den nye NHO-leiaren Ole Erik Almlid, generalsekretær i NATO Jens Stoltenberg, sentralbanksjefen i tillegg til ei heil rekkje andre prominente personar frå det såkalla elitesjiktet i Noreg.

Alle desse dresskledde menn og kjolekledde kvinner hadde sams meining om at EØS-avtalen er verdas beste handelsavtale.

Skodespelet som fann stad i Oslo Spektrum er ein tragedie i beste Henrik Ibsen stil. Det som er tragisk er at kapitaleigarane i dei ulike bedriftene synest å stå mot kapitalskaparane, alle abeidarane, som skapar dei verdiane, den profitten, som kapitaleigarane aldri får nok av.

NHO-direktøren, Ole Erik Almlid legg vekt på at trepartsamarbeidet mellom  NHO – regjering og LO er fundamentet i norsk arbeidsliv.

Dette er eit stort hykleri, eller meir treffande sagt, løgn. Det viser usemja mellom NHO og LO om at arbeidsgivar skal betala for reise, kost og losji for arbeid utanfor heimemiljøet. NHO ville at berre norske arbeidstakarar skulle ha dette gode. Det skulle ikkje gjelda for utanlandske arbeidstakarar. Fagrørsla meinte at det skulle vera likt for norsk og utanlandske arbeidstakarar og fekk full medhald om dette i Norsk Høgsterett.

Dette ville ikkje NHO godta og gjennom EØS-avtalen tok NHO kontakt med ESA og EU-domstolen som på si side underkjendte dommen frå Høgsterett, den høgaste juridiske rettsinstitusjonen i Noreg og overkøyrer dermed og den norske fagrørsla.

Dei dresskledde menn og dei kjolekledde kvinner, deriblant vår eigen statsminister, hever seg over noko som ligg til grunn for å tryggje eit trygt arbeidsliv.

Å flytta vår eiga nasjonalforsamling, Stortinget, til Brüssel er underordna så lenge eliten sikrar seg mest mogeleg profitt eller styrker sin eigen posisjon.

Det Brüsselstyrte Noreg med ein pågåande nedbyggjing av offentleg sektor, reduksjon av velferdsgoder og stadig meir sparing og privatisering er i ferd med å mista limet i samfunnet, den demokratisk og i fellesskap oppbygde velferdsstaten.

På same måten som kapitaleigarane synest å stå mot dei som skapar verdiane,er

den andre,apokalyptiske,avslørande og og klargjerande tragiske , eller tragikomiske openberringa  at eit fleirtal av dei folkevalde politikarane på Stortinget synest å vera mot folket.

Det er mest som eit brotsverk å rekna når norske politikarar,våre tillitsvalde, slike som; Jonas Gahr Støre, leiar av Ap, Espen Barth Eide,Ap, og statsminister Erna Solberg gir bort det norske folk sitt eigarskap til og råderett over norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. I den samanhangen er det norske folk og blitt diktert til å innstallera

såkalla smarte straummålarar. Straumkablane med eksport av den norske krafta  til EU gjer norske borgarar og industribedriftrer via EØS-avtalen til energikonsumentar på den europeiske marknaden , og ja; prisane skvett i været.

Elektrisk kraft, ljos i husa, var ei velsigning både for norske hushaldningar og norsk industri. Noreg sine naturressusar var ein konkurransefordel ovanfor utanlandske bedrifter, men EØS-avtalen og marknadsstyringa sette ein stoppar for det.

Jonas Gahr Støre,leiaren av det norske arbeidarpartiet uttalar stadig at EØS-avtalen står fast med Ap.

Det trur eg så gjerne,for det var Jonas Gahr Støre og Gro Harlem Brundtland som overkøyrde den eksisterande Handelsavtalen Noreg hadde med EF frå 1973.

Det er uforståeleg at den norske eliten, i dress og kjole, på NHO sin årskonferanse synest å vera så lite interessert i å byggja/vidareutvikla vårt eige land slik Ap ein gong gjorde det.

Det var ei tid eg var glad i Det norske arbeidarpartiet. Det var noko solid og ekte over det, eit parti med folkevalde, som verkeleg lytta til folket og gjorde noko for den norske mann og kvinne.

Kaldgufsen frå Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre høyrer ikkje heime i eit parti, som arbeidde for fellesskapet, for tryggheit, for by og land hand i hand og eit ordna arbeidsliv.

Gjennom Jonas Gahr Støre sitt krampaktige forsvar for EØS-avtalen svik han ikkje berre arbeidslivet men og samfunnslivet og den norske Grunnlova.

Det er difor ufatteleg at partiet  no er blitt det største partiet i landet.

Ved ei eventuell ny raud-grøn regjering fortener ikkje Jonas Gahr Støre å bli statsminister.

Landet treng ein statsminister som vil ha politisk styring for folk, for land og for fellesskap.

Marknadsstyringa til dei staskledde deltakarane på NHO sin årskonferanse har ikkje noko langsiktig mål for det norske folk. Korttenkt profitt  ved å «flytta» det norske Stortinget til Brüssel er absurd.

Det årlege spelet i Oslo Spektrum er over. Men dei oppstasa mennene og kvinnene, dei blå-blå og Ap har framleis høve til å byggje ned meir av velferdsstaten, privatisera offentlege verksemder og arbeida for kapitaleigarane.

Heldigvis er det ein veksande motstand mot EØS-avtalen i fagrørsla og blant folk generelt.

Kanskje dette opprøret vil føra til ei oppseiing av den marknadsorienterte EØS-avtalen , ei revitalisering av dei demokratiske spelereglane og oppretting av ein tosidig Handelsavtale mellom EU og Noreg?

Då kan det henda at den påfylgjande årlege NHO-konferansen får titelen; « Noreg, folket og verda»

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse