Offentligheten i Finnmark behandlar den kraftige mobiliseringa mot samanslåinga på ein måte som gjer meg uroa over framtida til t.d. Finnmarkslova (FEFO) og konsultasjonsretten til Sametinget. Det viser seg nærmast kvar dag at det mobiliserast mot desse ordningane, det er heilt sikkert fleirtal mot begge i Finnmark og det er muleg for arbeidarpartiet å laga alliansar for å svekka dei. Vil Arbeiderpartiet også der følgja fleirtalet i fylket? skriver Sveinung Eikeland.

Frå viddene

Wenche Pedersen, i Klassekampen på vegne av Vadsø Ap – i Nordnorsk debatt på vegne av Finnmark arbeidarparti, likar ikkje etterlysinga mi av regionalistane i regiondebatten i Finnmark. Derimot er  det interessant å skriva om meg, om universitetet (som er min arbeidsplass) og endå meir interessant å skriva om seg sjølv. Og om det eg ikkje skriv om. Eg hadde i alle fall håpa at Finnmark arbeiderparti kunne synes noen av poenga mine i det minste var verdt å tenkja litt over.

Eg er ikkje uroa av at folk i Finnmark er forbanna. Eg er heller ikkje uroa over beslutningsgrunnlaget til Stortinget. Der er Stortinget og representantane ekspertane.  Men eg meinar at både den aktuelle stortingsmeldinga og rapporten frå Hagenutvalet er gode bakgrunnar for vedtak om regionane. Men det er langt derifrå til konkrete vedtak. Eg håpar verkeleg at regjeringa i oktober legg fram ei radikal endring i tilhøvet stat-regionar.

Eg er også heilt klar over at ni av ti i Finnmark er mot å slå saman fylkeskommunane i Finnmark og Troms. Men sjølv om det er slik, fritek det ikkje t.d. politiske parti for å tenkja og argumentera litt vidare enn som så. Det var det eg håpte noen ville vera med på. Utifrå dei mange positive reaksjonane eg har fått, også frå arbeidarpartifolk langt oppe i organisasjonen, så skjer også det. Men likevel ein gong til:

Finnmarkingane seier nei til regionreformen, da meinar eg «statsvegen» er alternativet. Eg lanserte tre-fire punkt i ein slik. Er det vegen arbeiderpartiet ønskjer?

Offentligheten i Finnmark behandlar den kraftige mobiliseringa mot samanslåinga på ein måte som gjer meg uroa over framtida til t.d. Finnmarkslova (FEFO) og konsultasjonsretten til Sametinget. Det viser seg nærmast kvar dag at det mobiliserast mot desse ordningane, det er heilt sikkert fleirtal mot begge i Finnmark og det er muleg for arbeidarpartiet å laga alliansar for å svekka dei. Vil Arbeiderpartiet også der følgja fleirtalet i fylket?

Eg er også bekymra for at viss regionreformen ryk, er det berre snakk om få år før fylkeskommunen ryk – over heile landet.

Når det gjeld eigne standpunkt til denne konkrete Finnmark-saka, så er dei to:

  • Eg sa i Nordlys for noen månader sidan at viss ikkje fylkeskommunen får fleire oppgåver og ei utvida politisk rolle, er det ingen poeng med samanslåingane av dagens fylkeskommunar.
  • I den siste kronikken er eg  tydeleg på at Tromsø høyrer heime på alle måtar i Noregs nordlegaste eller arktiske region.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Nordlys overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Annonse