Annonse
Foto: Tony Meyer

Vindindustri i den blå åker

Olje -og energidepartementet har opna for at det kan søkast om konsesjon for vindindustri på to områder på havet. Utsira Nord og eit område i sørlege Nordsjøen. Vi ser nok berre starten, og dei som fiskar må stå vakt ved havet.

For no er det mest sannsynleg full gass på den blå åker. Når politikarar snakkar om havvind, avslører dei ofte stor mangel på kunnskap om det havet dei peikar på. Mange slit med å skjøne at det kan bli arealkonfliktar på havet - havet er så uendeleg stort.

Som fiskarar har vi lært mykje om arealkonfliktar gjennom vårt samliv med oljeindustrien. Havet er stort, det dekker 70 prosent av jordas overflate, men 80 prosent av det arealet, er djupare enn 3000 meter, og der skjer det ingenting. Resten er grunnare områder, eller kall det sokkel. Der er aktiviteten stor, og utanfor landet vårt er aktiviteten ekstra stor.

Vi er ein stor olje- og gassprodusent, installasjonar, lastebøyer og stor skipstrafikk krev allereie stor plass på den blå åker. Når ein planlegg utbygging av vindindustri til havs, må det vere ein klar føresetnad om at ein ikkje skal blokkere fiskefelt eller kome for nær gyteområder.

Scottish White Fish Producers Association ( SWFPA) melder på sine nettsider at ni av ti planlagde vindkraftverk i skotske farvatn kjem i konflikt med fiskeria, og dei kjem med ei klar åtvaring til norske fiskarar. Eventyret om vindindustri til havs i Norge, eller «havvind» som er det nye populære namnet, fekk ein dårleg start, sett med fiskarane sine auge.

Equinor sitt prestisjeprosjekt HywindTampen går ut på å plassere 11 vindturbinar på Tampen, for å forsyne oljeinstallasjonane Snorre og Gullfaks med straum, prosjektet er tungt subsidiert. Ikkje kan det gi noko klima-effekt heller, for gassen som ikkje blir brukt til el-forsyning på plattforma blir selt og brent ei annan stad.

Kanskje blir prosjektet møtt av applaus frå folkedjupet, men dei blokkerer eit fiskefelt. Fiskeriorganisasjonane har protestert, og spelt inn konstruktive framlegg til alternativ plassering, men Equinor har så langt ikkje justert planane sine.

Eit av argumenta som Equinor brukar når dei ikkje vil flytte vindturbinane 1,5 - 2 kilometer, er meirkostnader ved tap av straum i ein lenger kabel. Samstundes søkjer Equinor om konsesjon til å legge ein 118 kilometer lang vekselstraumkabel frå Kollsnes til Oseberg. Det heiter elektrifisering av sokkelen, og vi høyrer halleluja-rop frå nord til sør - tap av straum i kabel er eit ikkje-tema.

Etter mitt syn må styremaktene setje ned ei tverrfagleg gruppe som får i oppdrag å utarbeide ein reguleringsplan for havet, der kompetente folk frå fiskerinæringa får sin sjølvsagde plass. Det er nemleg viktig å skjøne at ein installasjon på havet krev mykje meir plass enn arealet på sjølve installasjonen. Skal ein setje ut reiskap ved ein installasjon, må ein ta omsyn til avdrift med straum og vind. Dette veit vi mykje om, etter å ha fiska nær oljeinstallasjonar i mange år.

Både den blå og den grøne åkeren har noko til felles - ein skal hauste fornybar mat der. Den grøne åkeren ser politikarane frå tingstolen, og vindindustri i ein kornåker er sjølvsagt utenkeleg. Den blå åker som skal gi oss fornybar mat, er det svært få som ser.

Å få tilgang til fiskefelta er avgjerande for å hauste millionar av tonn med berekraftig og fornybar mat. Eg er uroa, mest fordi eg trur at klokskapen til sentrale politikarar på vindkraftområdet allereie er tatt av vinden. Når dei i tillegg ikkje skjønar havet, kan det bli ganske heftig på den blå åker i tida som kjem.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse