Annonse
Det er mykje merkeleg i argumentasjonen frå EDL sine representantar, men dei reiser også spørsmål som det må gå an å stilla utan å bli utsett for akademisk hån, skriver historieprofessor Hallvard Tjelmeland. (Foto: NRK)

Vitskapleg debattform – ei oppydding

Eg meiner likevel at det standpunktet at samane ved kysten er assimilert inn i det norske på ein slik måte at det ikkje er skilnader mellom ei norsk og samisk kystbefolkning, skal kunna hevdast utan at det skal reknast som antisamisk.

Professor emeritus i historie, Einar Niemi, hadde eit innlegg i Nordlys 12. november som har vekt stort oppstyr. Det var eit innlegg som, slik eg les det, handla om kva krav ein skal stilla til personar i vitskaplege stillingar når dei skal ytra seg i det offentlege rom. Bakgrunnen er innlegg frå einskilde vitskapleg tilsette på UiT mot personar som har utfordra dominerande oppfatningar om samiske rettar, primært leiande personar i Organisasjonen for etnisk og demokratisk likeverd (EDL), innlegg som Niemi har oppfatta som nedlatande, tendensiøse og sjikanerande. Den hittil siste som har gått laus på Niemi sitt utspel, er professor Jens-Ivar Nergård (22.11). Sjølv meiner eg at Niemi peiker på eit reelt problem, eit fenomen som er skadeleg for vitskapen si stilling i samfunnet og i siste instans også for den samiske rørsla. Eg vil difor først gå inn på Nergård sin argumentasjon, før eg skal freista å setja denne debatten inn i ein større samanheng.

Hovudpoenget til Nergård – og også for somme andre i debatten – er at Niemi bare kritiserer den eine parten, dei tilsette ved UiT, mens debattantane frå EDL slepp unna med sin usaklege argumentasjonsform. «I saklighetens navn kunne Niemi like gjerne hentet eksempel på usaklighet fra EDL som fra UiT», skriv Nergård. Eg meiner ei slik formulering viser at han har misforstått Niemi. Poenget til Niemi, og noko eg er heilt samd i, er at det skal stillast strengare krav til folk i vitskaplege stillingar som går ut i ein offentleg debatt på basis av sine faglege titlar, enn til lekfolk. Nergård viser jo sjølv til dei krav til argumentasjon som vitskapen er basert på.

Det er mykje merkeleg i argumentasjonen frå EDL sine representantar, slik som den uforståelege betydninga som blir lagt på den språklege skilnaden mellom «indigenous» og «urfolk» og vektlegginga av genar i spørsmålet om opphavet til den samiske kulturen, som om kulturen ligg i genane. Men dei reiser også spørsmål som det må gå an å stilla utan å bli utsett for akademisk hån, slik som definisjonen av kultur, det fruktbare i utvida konsultasjonsordningar og spørsmålet om det er ein distinkt sjøsamisk kultur. Når det gjeld det siste, meiner eg heilt klart EDL-debattantane tar feil, utan at eg skal gå inn på argumentasjonen for det her. Eg meiner likevel at det standpunktet at samane ved kysten er assimilert inn i det norske på ein slik måte at det ikkje er skilnader mellom ei norsk og samisk kystbefolkning, skal kunna hevdast utan at det skal reknast som antisamisk.

Eg meiner dessutan denne debatten peiker mot eit anna problem i måten samehistoriske forhold til tider har blitt diskutert på. Frå somme hald har det vore umogleg å akseptera gråsonar, nyansar og det tvetydige i prosessar som har underbygd fornorsking. Dersom det til dømes blir peika på at Solhov folkehøgskole ikkje bare var eit fornorskingsinstrument, sjølv om det også var det, kan ein rekna med å få på nakken at dette legitimerer fornorskingspolitikken. Det blir vanskeleg utan å få slike reaksjonar å hevda at internatskolane ikkje bare var eit ledd i fornorskingspolitiken men også hadde skolepolitiske sider, slik som i kyst-Norge der bruk av internatskolar var utbreidd, både i sjøsamiske og norske område. Fornorskingsprosessen blir bare oppfatta som ei nedhøvling av det samiske og ikkje også som del av ei modernisering. Slik kan ein halda fram. Det å ikkje opna opp for det tvetydige i dei prosessane ein studerer, er etter mi meining utvitskapleg. Når slike unyanserte tilnærmingar offentleg blir uttrykt av folk i vitskaplege stillingar, kan det vera farleg for den offentlege debatten fordi det underbyggjer og legtimerer polarisering og fundamentalisme.

Lik Nordnorsk Debatt på Facebook

Annonse
Her er du velkommen til å debattere saken videre. Men tenk gjennom hvordan du vil framstå og hvilke uttrykk du bruker. En liten huskeregel: Ikke skriv noe som du ikke kunne ha ropt ut på torget med mange tilhørere. Du må bruke fullt navn - falske profiler blir utestengt. Hold deg til saken, vis respekt og stor raushet overfor andre. Trakassering, trusler og hatske meldinger slettes.

Med vennlig hilsen Guttorm Pedersen, debattredigerer

Annonse